lørdag 27. februar 2010

Ny tunika til Alida

Denne har eg laga utifra eit mønster fra s&s men eg har justert det såpass mykje at eg veit ikkje om det lignar lenger. Den er i lys turkis med små brune prikkar , tøyet har eg kjøpt på kontantengro på Mariero i Stavanger. Det skal komme ei lys turkis puffbukse utan prikkar som skal høyre til. Nederst har eg kanta med eit silke skråband som matchar prikkane og rundt halsen er det ei remse med blondeband.Og ein liten treknapp til lukking.
No har eg fått min bestilling frå cethodesigns og det gjekk jammen kort tid frå eg bestillte til eg fekk det! Og stoffa er nydelige og inspirerande. Gleder meg til å sy av det.




Ha ein kjempe fin lørdag!

søndag 21. februar 2010

I dag har eg laga ei veska til min svigermor . Og viss nokon syns eg har vore litt vel vågleg i tøyvalet kan de berre slappe av for ho kom med dette stoffet sjølv og ville ha ei veske. Denne veska er spesial sydd til kaffikanna og diverse som ho har med seg på arbeid. Fuglen eg har applikert på er inspirert av logoen til Gilje Trevare der ho jobbar. Eg seier inspirert fordi den blei jo speilvend når eg klippa den ut .heh..kremt...Veska er i utgongspunktet (irr)grøn utanpå og mørkblå inni. (det kan du sjå på det eine bildet der eg har vrengt den.) Det fine er at ein kan vrenge den og bruke innsida ut og utsida inn alt etter dagshumøret! Og ein ting eg syns er litt kult er ein karabinkrok (er det det det heiter? ) eg har festa i ei reim over lomma. Ganske grei å feste nyklar i :D





Her ser du Gilbert!

Og her kjem Dorabuksa som eg skreiv om tidligare. Denne er sydd utan sidesaumar.
 Eg er misfornødd med montering av ribben i dag,og eg syns den blei for smal.
Men det er jo tross alt Dora så då går ho nok med den uansett!

 



lørdag 20. februar 2010

Ville berre vise frem fleecetøyet eg kjøpte frå USA

Har store planar for dette..Det har visst dottera mi og!
Alida: "du kan laga kjolar ,tunika, genser og og og og t-skjorta". 

Min plan er bukser til Alida som berre går med bukser under dressen. Der ingen kan sjå dei.
mitt HÅP er ein lettare kvardag ..hehehe
Får sjå kva tid eg får sydd meir. Mer er litt halvslakke alle fire og det merkes...

torsdag 18. februar 2010

Sjiraffbukse :)

Laga av fleece og lysegrøn ribb. Lommene og applikasjonane er lime farga Lillemartine stoff i fra S&S
Mønsteret er eige. Fargane blei ikkje heilt rette på bilete (som vanleg).Lommer og liten sjiraff på framsida og ein stor sjiraff på baksida. Eg er veldig glad i sjiraffar!
Håpar han som skal få det blir glad. Liten tass på 3 år. Det er jammen stas å væra tante!

onsdag 17. februar 2010

Pytagorasveske

Eg har lenge ønska meg ei veske til håndarbeid og eventuelle handleturar så i går kveld lagde eg ei av det samme mønsteret (pytagoras) eg brukte på sist veske berre litt større . Eg er veldig fornøgd , ja den inneheld skeivhetar og liknande  så eg hadde ikkje gitt ho bort, men EG er fornøgd! Har laga ei eiga lomme som passar akkurat til den bittelille telefonen eg har no. (Fleire gonger har eg faktisk ikkje funne den i veska i dett heile tatt! For så å ringe til den og høyre at den ER faktisk oppi der.) Det fine stoffet utenpå er (dette kommer nok som eit sjokk...) Tilda,og inni er det Tilda lommer. Foret er nervøscenillie ,ikkje mitt første valg i utgangs punktet men "man tager hva man haver" for eg trong veska med ein gong ;)
                                      Ha ein kjempe fin dag!

søndag 14. februar 2010

Ullsokkar til små føter...

Eg har ikkje sydd dei siste dagane , har nok vore litt trøytt trur eg :/ men eg må jo ha noko i hendene som regel så eg har strikka litt sokkar. Alida trong nye sokkar så ho fekk eit stripete par og dei måtte jo være rosa selfølgelig.
Denne veka fekk eg vite at eg blir tante til ei lita jente til i juli så då fekk eg inspirasjon til å lage nokre babysokkar ,desse er laga utan hel (spiral eller tubesokkar om du vil) slik at dei sit godt på foten ,du kan dra dei langt opp i byrjinga , så eg håpar dei vil vare lenge. No blir jo denne jenta fødd midt på sommaren, men eg trur nok dei passar når det vert litt kaldare også .Det finnes heller ikkje nokon garanti for ein varm sommar :/ Eg trur eg må lage fleire slike par til ungane mine og, då kan dei kanskje bruke dei to vintrar :) Ja..det var dagens i frå meg. I dag skal me i 85 års dag til oldemor :D Det blir kjekt!
Ha ein god søndag vidare!

onsdag 10. februar 2010

Dragehua :)

Blå og turkis fleece :)Fora med blå velour så den er mjuk ,god og varm.
Lett å ta av og på også.Fekk lov å ta bilder av Alida med den på ,men det var også alt :) Ho vil ha ei prinsessehue så klart og det har eg jo planlagt og. Med krone i staden for piggar. Neste gong skal eg ikkje følge mønsteret heilt for det blei liksom litt stort bakhovud .Mønsteret er frå eit  gamalt " alt om handarbeidet" blad eg har liggande. Ha ein fin kveld!

tirsdag 9. februar 2010

Fleece settet er komplett

Angrer på strykemerke på buksa no, det blei så feil saman med sjiraffen på genseren.
Nokon som har tips koss eg kan få det av utan å ødelegge stoffet?
Ellers fornøgd, skal slå i knappar i halslukkinga når minsten har våkna ;)
Fargen er rett på det første bildet .Stoffet har eg kjøpt på Kreaktiv på Kvadrat og ribben er frå s&s.
Hello Kitty merket er frå H&M , der er dei veldig billige i forhold til andre butikkar eg har sjekka.
Mønsteret er frå eit "alt om håndarbeidet" blad eg har liggande.
No gler eg meg til å gi det vekk :D

søndag 7. februar 2010

Liten sele/ forkle kjole :)


Tildastoff ,fòr og trykkknapper ..Mønsteret er fra ein dukkekjole og eg har "blåst opp"
mønsteret Så eg er veldig spent på om det passar og kva tid.
Får sjå om Ella kan ha denne og.
Ha ein fin Søndagkveld vidare!

lørdag 6. februar 2010

Barselgåve :)

På byggefeltet der me skal begynne å bygge hus til våren ,fekk me ein liten ny nabo.
Eg laga denne fleece buksa i går og planen er å lage ein genser og kanskje ein liten kjole når eg får tid.
Har laga buksa slik at jenta truleg kan ha den til hausten . Håper ho fell i smak !

Eg legg ved eit bilde av to søte jenter som gleder seg til karneval på mandag :)

mandag 1. februar 2010

Sist ut i kveld ...
Velour skjørt med ribb og applikert krone nederst til høyre.
Har tegna mønster av eit skjørt fra Lindex.                                                         
Krona skulle ha vert på midten, syns Alida så ho vrir skjørtet
slik at sømmen kommer midt fram. sukk... uansett et veldig dårlig bilde...
Barbiekjole


Sparkebukse til "spaniadåkkå"

                                                 
                                                  
Har laga litt til guten min og ...
Her er Henrik i ein fleecegenser eg sydde for lenge sidan
Eg måtte jukse det til i halsen , med knappar og greier :(
men han fekk vel brukt den litt for det..
Velour med ribb og applikert giraff
Denne likte eg veldig godt på han, men eg skulle ha
 laga den litt større ser eg. Og så ville eg helst hatt turkis ribb
men det hadde eg ikkje kjøpt inn. Det blir det neste.
Laga med Burda mønster.
Og så ei lita hue. Denne må eg nok lage fleire gonger for å bli fornøgd.
Ser at denne kanskje manglar ein giraff??
    Den er laga av samme velouren som buksa og mønsteret  fekk eg frå denne bloggen: 
gekko-attsyengecko.blogspot.com.
Fantastisk at folk legg ut slike oppskrifter på bloggen sin!
                                     Fleecebukse til ei jente på snart fire som eg er tante til :)
Også foten min :P

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails