søndag 30. mai 2010

Putetrekk kjole!

Denne trudde eg virkelig Alida skulle mislike,sidan den er gul og ikkje hennar "stil". Berre laga den for å ha noko å gjere.Har jo laga ein lik ,tidligare, i peach eller gammal rosa om du vil.
Men ho er ikkje il å bli klok på."Sånn hadde eg når eg va to år" seier ho begeistra ,og eg veit kva for ein ho siktar til og eg saknar den eg og. det var ein nydelig gul sommerkjole frå H&M. Den nye kjolen skulle ikkje av  før det var leggetid. Ho bruker sterke ord den jenta mi :eg elske den !



Her er ho opptatt med barnetv og hadde ikkje tid til mammaratzien!
Hovudet mitt er fullt av mønstersamansetningar .Eg skal laga heildress til Henrik av velour,men eg tør ikkje begynne før eg veit akkurat koss eg vil gjere det. Så det blir nok seint i kveld!
God natt og ha ein fin søndag!

lørdag 29. mai 2010

Fredags kvelden

Fredagskveldens tankar kan oppsummerast slik:
Dora genser , små godt, og fikse ei lita bukse.
Eg spurte min svoger om han kunne ta med seg Gaute (min mann) ut på kvelden.Han trengte å væra med nokon ut å lufte seg litt :) NyttpåNytt har jo sommarferie! Så då freden senka seg gjekk eg i gong med å sy!
Det er min måte å innhente meg på og eg glede meg heile dagen!
Her kjem bildene
Alida arva denne buksa av rosa velour og eg har berre "sprita" den opp litt med vaffelsøm nederst på beina.
Denne buksa er litt for stor til Alida for den skal være litt kortare på beina. Men den va mjuk og god (og rosa) å falt i smak !




Oppskrift frå boka SIKK SAKK. Eg har aldri hatt så kjekke mønsterbok før!
Eg har lyst å laga alle klednå og masse av dei!
DDDDORA! Denne er kommet til sin nye heim rett bortihogget.
Alida gav denne i 4 årsdagen til Mira .
Ha ein flotte lørdagkveld! Her skal me ha grand prix fest!
Eg , Alida og Gaute :D Heimelaga hamburgerar og Cola!

torsdag 27. mai 2010

Eg fekk det til! Eg fekk det til!




Eg har laga eit ballongskjørt! Tusen takk til Tante Mie som hadde lagt ut framgangsmåten sin på bloggen!
Dette skal nok mest sannsynlig bli ein 4 årsdags presang til ei veninna Alida. Men eg testar det først på Alida og ser om det heng på :) Det er mint grønt på farge (vil eg sei )med kvitt bomullsfor. No fekk eg fullstendig dillå på å sy slike skjørt! Det var så kick å få det til!



Her er Henrik, han plukkar blomar til søstera si ;)

Min første Award

Tusen takk Oktober Leaves! Denne går rett tilbake til deg ! Du er til stor inspirasjon for meg!



Så var det sju ting om meg sjøl.....
1. Stor trives med å være heimearbeidande mor
2. Gleder meg til det nye huset vårt er ferdig
3. Veldig gla i lakrids og fox
4. Har mange gode venner
5. Har snart vært gift i 5 år
6. Ønsker meg høner,kopplam, marsvin og kanin i hagen
7. Har budd i Afrika i 4 år då eg var liten

I could just go on and on and on... : P

Dei 7 bloggarane eg vil gi award til

AnnaJohanna - ting å bli glad i...
Tante mie midtbo
JUMEL Liten og Stilig
crochetra   groovybabyandmama

søndag 16. mai 2010

To sommerkjoler


Her er bursdagsgave til ei eg er tante til.Eg skal stryke den før ho får den altså ;)
Ho blei 4 år for ei stund sidan. Eg har gitt vekk ein lik til ei anna tantejente på samme alder, men den rakk eg ikkje å ta bilder av. Håper ho blir fornøgd. :) Alida har bestilt ein lik for det var som ho seier "nesten som en prinsessekjole"


Eg var inne på kottet ein dag og då dukka dette tøyet opp. Kjøpte det for lenge sidan.(S&S)
 Det eg ikkje er fornøgd med er visst du ser på den nederste kanten så ser det ut som eg har sydd skeivt men dette stoffet var skeivt i utgangspunktet. Dei har rett å slett sydd på blondene heilt feil! Då blei eg irritert. Det synes ikkje så godt når den er  på. Med mit dårlige kamera så fekk eg ikkje tatt bilde av det. Eg tok men det blei ubrukelig. Eg har teikna mønsteret sjølv men fekk ideen då eg såg bilder i boka(på internett) Sikksakk.Ventar på den boka i posten no og det gler eg meg veldig til!

Ha ein fredlige søndag og til alle landskvinner
Gratulera med dagen i morgon!!

torsdag 13. mai 2010

Redesign :)


Enkel selekjole laga av ein gammal dongerikjole. Laga nytt liv og selar så vips kan den brukast igjen :)
Ser for meg at ho skal ha ein kvit bluse under .Så då må eg vel til å lage den og ,hehe..
og ja, knappane har eg trekt sjøl ;) med samme stoff som i livet :)
Bildene under er av andre ting eg har laga. Kjolen har du kanskje sett før i tidligare innlegg.Eg er skuffa over at rosa fargen blir så blass på bildene.

Noko som ikkje er blasst er denne huå her:

Ha ein fin Kristihimmelfarsdag!

tirsdag 11. mai 2010

Eg har laga ein body for første gong!

Det er sikkert ikkje vanskelig å sjå at det er den første bodyen eg har sydd
Eg hadde ikkje mønster men måtte teikne av ein gammal body etter Henriksen..
Men så vil eg ikkje påpeike fleire feil for eg er ganske stolt for at eg klarte det!
Eg har jo berre ein heilt vanleg og billig symaskin.
Stoffet er frå mjukatyger.se

mandag 10. mai 2010

Rosa velour kjole med blonde kanter

Her er kjolen, en redesign frå ein kjole eg laga for lenge sidan.
Den gamle kjolen var i ein litt for posete modell for Alida så den ville ho aldri ha på seg.
Eg klippa den om og no er det ein kjole til ca to åring eller tunika til Alida. Eg får sjå når ho har prøvd den.

Dette er framme i halsen , der pynta eg med tre kvite silkeroser


Og dette er bak i nakken. Det er blonder rundt heile halsopningen.

Ha ein fin dag vidare! :D

torsdag 6. mai 2010

Her ser du gaven Alida fekk til 4årsdagen frå Onkel Erlend!
Han er så flink og snill som har laga dette til henne!
Det er ganske stort og ho når såvidt opp til den øverste hylla når ho strekk seg :)
Tenker at det kan stå på barnerommet lenge. Ein kan fylle det med bøker om ikkje anna.
Kjempe stas! No må me berre ha litt møbler.
 Nokon som vei kor ein kan få kjøpt møbler av eit passande format?
Faren hennar kunne nok ha laga møbler men eg trur ikkje tida hans strekk til
(ennå vertfall.)Og det hastar litt for det ser jo veldig tomt ut no:)
Me prøvde med playmobil men det berre forsvinn inne i dei store romma.
No skal eg sette meg med symaskinen å gjere ferdig ei haremsbukse eg laga til meg sjølv (av alle ting)
Ha ein fine kveld!

tirsdag 4. mai 2010

Vårligskjørt til Alida


Øverst ser du skjørtet med nærbildet av tøyet som er i frå Tilda :)
Enkelt og greit skjørt , målte Alida rundt livet og laga til
ribben så målte eg opp eit stykke tøy som var 3 ganger så langt som ribben ca.
Det strutter litt akkurat som prinsesså ville ha det ;)
Nederst ser du Gullungane mine ( for det meste er dei jo det ).Her er dei avbilda hos fotografen Gøril  på Helgøy :)
Ha ein fin kveld
Eg må tilbake til mine lilla kjoler :)

mandag 3. mai 2010

Lazy Daisy Babyjakke

Her er babyjakken eg nevnte i eit tidligare innlegg. Han har logge sånn som dette ei stund
(eller nedi veska...) Klar for kanppestolpe,knappar og festing. Håper vesle jenta som kjem til sommaren
får brukt denne masse( til hausten?). Veldig kjekk å strikke når eg fant ut korleis daisyane skulle lagast.
No har eg klippa ut to A kjolar i lilla til to tante jenter og gleder meg til å sy dei i kveld!

lørdag 1. mai 2010

Vaffelkjole

Lille Martine frå stoff og stil. Stoffet er gult og nydelig! Lite farger på dette bildet.
Mønster eget med stor inspisrasjon frå Rosaell som du finn her!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails