torsdag 30. september 2010

Lapping av Ullklær



Den nye bodyen til Henrik kom ut av vaskemaskinen med eit lite hol på brystet.
Det var trist. Han hadde vore i bruk to gonger ca. Då fant eg fram brukt på nytt boka og hekla denne vesle bilen. No er den ingen som kan sjå holet lenger


Ha ein nydelig dag!

mandag 27. september 2010

Eit resultat av sykurs

Me sydde bukse med ribb og fòr, det var jammen vanskelig. Buksa er fullt brukbar men litt vridd inni foten.Dette syns ikkje når buksa er på. Den satt som et skudd på Henrik og det var kjekt. Buksa skal kunne brukes på begge sider , men inni fekk me lys lilla fòr så det blir ikkje aktuelt på denne gutten ;)
Eg trur eg må sy ei til i kveld visst sjangsen byr seg , så eg ikkje gløymer koss me gjer.
Kurset blei holdt av Cetho-designs` Cecilie.


Ho kom til skulen vår og har holdt to kurs og på fredag blir det eit til. Kjempe kjekt! To av kursa er sy bukse med ribb (forskjellige deltakarar) og det andre var bukse med ribb og fòr.
Slik blei den brune sparkebuksa etter at eg fekk gjort meg heilt ferdig .Det hjalp med ei lita lomme på :)


Ha ein fin dag videre!

fredag 17. september 2010

Turkis selebukse

Det er jammen ikkje lett å ta bilder av denne viltre baiasen!
Men han har fåt ny bukse i dag så då måtte eg jo prøve verfall.
Veldig god å mjuk babycord frå Stoff og stil som passar så fint i lag med det turkise stjernestoffet eg har kjøpt på Cetho design. Str er 3 år så denne passar lenge. Eg har stappa buksene oppi sokkane på desse bildene. Veldig delikat! Men eg tenkjer at eg skal sy på ribb med same stjernestoffet.
I dag har mi kjære svigerinne bursdag og Alida har skreve kortet heilt sjølv!
Eg skreiv det først på eit ark  altså men alikevel er eg kjempe stolt. Ho er jo berre 4 år :) G og S er vanskelige..Hehe :) Men legg merke til kor fint ho har skreve Alida. Det har ho øvd seg mykje på :)

Ellers hadde me ein kjempe flotte tur til Kr.sand sist helg:) Det var herlig ! Både Aha og stoff og stil! Gøy!
I kveld har eg vore på sykurs med kjekke damer og det gjekk veldig bra : )Får legge ut resultatet ein an gong.
I morgon er det bryllup ! Ops..eg må prøve kjole ...

God natt!

søndag 12. september 2010

Søte lille ...


Denne nydelige jenta er eg tante til!
Ho har på seg sparkebukse som eg har laga til henne.
Den er litt stor enno men det kjem seg nok fort!

lørdag 11. september 2010

Live bilder



Søte babyen i gode mjuke kler!
No reiser me snart til Kristiansand !
Håper eg rekk stoff og stil.
Ha ein fin lørdag!

torsdag 9. september 2010

Star(s) Inside

Sparkebukse str 70 , velour frå sogs og stjernestoff frå Cetho :D
eg ser no at eg kanskje skulle hatt ein aplikasjon...Men det er ikkje forseint..
Kven som skal ha den, spør du ? Det veit eg ikkje heilt..me får sjå :)Mange babyar rundt forbi :)

På lørdag reiser me på til Kr.sand , der skal me på Aha konsert og sove på hotell (eg er ein av dei som synst hotell overnatting  er veldig spennande ,ennå) men ikkje minst så skal me på Stoff og Stil! Der har eg aldri vore og eg gledar meg som ein unge! Eg lurar berre på kor eg skal gjere av mannen min mens eg er der inne.

Ungane skal til sin Farmor og  Farfar og dei blir nok veldig glade for det når eg fortel det! Seier eg det fortidleg blir dei gåandes å vente så lenge..
Alltid stas å få lov å sove vekke sidan det er så sjeldan.

Javel då må eg ha meg litt kveldsmat  :D
God kveld

mandag 6. september 2010

Vegvesen body


Lånte navnet i frå Midtbo :) eg er så glad i gul fortida.  Henrik òg blei veldig gla då han fekk hellikoppa og tratto på genseren.Han har stått å holdt og peika på stoffet i lange tider:))
Denne boddyen er ca 98 ,syns det er fint at han har noko å vekse i og dessutan krympar jo tøyet litt og sidan eg somregel har det i tørketrommelen.

Etter at Lillian i Lillis Verden var på nrk så har eg bladd gjennom heile bloggen hennar. Det var kjekt!
Eg tok med meg mange tips og eit av dei var å brette inn kantane på bodyen og berre sy med tvillingnål over ,istaden for å legge på elastisk skråbånd ..Dette gjeld altså heilt nede på bodyen i åpningen. Sidan eg ikkje har coverpro så var dette mykje finare og lettare syns eg.. :D Takk for tipset!

Ha ein fin dag vidare!
Her er det strålande sol og varmt i dag!

lørdag 4. september 2010

Då er eg tilbake i bloggverden

Eg har vore her heile tida egentlig. (uten om den veka eg va i Hellas) Vore inne å sjekka kva de lagar ca kvar dag :) Det er så mykje fint! Og plutselig fekk eg inspirasjonen tilbake , men då klikka maskinen min. Så takk til den gode Melanie som er så snill å låner meg maskinen sin som er 100 gongar bedre enn min på alle måtar! Dette settet blei til i løpet av dei siste dagane...
Her tek fargane seg veldig bra ut må eg sei. mens dei i røynda er mykje skarpare og meir neon.
Håpar bestillaren blir nøgd!
Eg har brukt buksemønster frå Ottobre og genser frå eit alt om håndarbeidet. Strl 74.


No skal eg lese bok og drikke Eplemost i frå Helgøy! Og strikke littegrann og sjå Greys som eg alltid gløymer på tirsdagane..
Mannen er på saue sanking i Suldal , så eg trur han kosar seg :)

Ha ein fin lørdagskveld vidare! :D

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails