Henriksen blei 2 år i går og me feira med barneselskap :)Familie selskapet får vente litt til .
Han er så glad i katten ,katten er ikkje så begeistra for Henrik men det bryr ikkje han seg om :) Bildet under viser når han endelig har fått kaka si .Ein blid og glad gogutt!
Gjevaste gaven ! Stoor Redningsbil frå Onkel Erlend, Onkel Gunnar og Tove:)
Og her kjem det bilder av det eg puslar med på kveldstid.
Etter at eg har fått ny symaskin har eg mista piffen på å sy.(er det ikkje typisk) Eller det er vel meir det at eg har blitt så glad i å strikke. Men eg reknar med det går over å at alt går tilbake til normalen snart ..hehe
Kvite vaskeklutar til badet og blå oppvask-klutar
Desse sparar eg til huset vår er ferdig.Og håpar å få meg eit stort lager til dess!
God og varm ullbukse til Alida i turkis som er unisex.
Denne skal få brune lommer eller brune lappar på kneet.
Min utsikt i går mens me venta på alle dei små gjestene våre.
Eg kunne ikkje tru det. Me er vel ikkje vant til at det snør i oktober !
Det ligg i dag og ,eg og ungane har vore ute med kjelken!
Og no er ungane ute med sitt store søskenbarn Malin:)
*Med dette ønsker eg alle ei GOD HELG*
Marie