mandag 20. desember 2010

Ein skikkelig god ide!

Eg har laga islykt av ein vannballong !
Det er så kaldt ute, så i dag tidleg la eg ut ballongar med vatn.
No i ettermiddag var dei klare. Håpar at kulden held slik
at me kan ha trappa fulle av desse lyktene på nyttårsafta :)
Dei blir nok blankare visst eg passar på å ikkje få snø på dei
det frys nemlig fast med ein gong.




Dei tre bildene over er frå stova til Mamma og Pappa
Eg syns det er så koselig der!

denne strikka Mamma til Henrik så han kan ha den over ei kvit skjorte på julaftan.
Eg hadde med meg garn og oppskrift og ho gjorde den ferdig på to kveldar :)
Takk!

I og med at eg ikkje syr så masse så det går seint med bloggen har eg lyst å skrive kva som er på strikke pinnane akkurat no , og det er nokre gode , varme sokkar som går opp til knea . Dei er til meg og passar til det meste eg har på meg for tida;)
Ha ei god jul alle saman!

onsdag 1. desember 2010

Tunika med daisyer

Desember er ein herleg måned syns eg, me har baka litt julekaker og tenner masse lys. Fyr i ovnen har me og, kvar våkne time i døgnet. Det er så koselig! Det er ikkje kun for kosen me fyrer , det er 10 minus ute og me MÅ og då tar det litt av sjarmen syns eg. Huset me bur i er gammalt (og mett av dager,neida) og det trekker inn alle plasser.
Så til saken ! Derfor syns eg det var veldig lurt å strikke ein tynn tunika til Alida i Alpakka garn :)
Her er resultatet




Oppskrifta heiter høstvest frå pickles og så har eg laga den litt
større og lengre så den blei ca strl 5 år.
Denne kan brukast til fint syns eg men den brukast mest til kvardags..

Visst nokon synes synd om oss  no som har kaldt hus så eg trøste med at det er siste vinteren i dette huset ;)
Husbygging er godt i gong !

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails