lørdag 19. februar 2011

Sparkebukse i fleece

Varm og god sparkebukse som skal sendes til Ukraina.
Har mange prosjekt liggende men nettverkskortet er ødelagt så eg får ikkje posta innlegg heime.
Då blir det til at eg let vere. Me får kjøpe oss ein ny data når maen kjem heim igjen. Tør ikje begi meg ut på slike innkjøp åleine...hehe I dag er me hos svigers og skal snart ete graut.
Ha ei flott helg !

tirsdag 8. februar 2011

Vottar

Sydd i fleece og mønster frå sikk sakk
Ganske store til å være størrelse 6 år. Dei passa jo til meg jo!
 Men eg skal ikkje ha dei, desse skal
også sendast til Ukraina.

I dag har me vore i barseltreff med Henrik sine framtidige klassekameratar.
Dei begynnar å bli så store no. Klarar å leike saman og komuniserer ganske bra.
Me skal i 3års dag til den eldste på fredag! Eg seier som alle andre at tiå fyk altså!

Alida er ikkje i form om dagen ,ho har fått nyrebekkenbetennelse for andre gong
denne vinteren og blei veldig dårlig på søndag. me har fått henvisning til UL på sykehuset.
Mamman syns selvfølgelig da e veldig fælt å sjå når jenta har så vondt.Blir ein del tårer i bekymring.
 Heldigvis er ho kjempe flink å ta medisinen sin og blir sakte men sikkert betre trur eg.No skal eg opp å sei god natt ein gong til, det veit eg ho set pris på, der ho ligg å ventar på søvnen.

Ha ein fin kveld!

mandag 7. februar 2011

Eg har fått ny energi

Eg og veninna mi Kristine har eit miniprosjekt der me heklar og strikkar som galne for å sende til Ukraina.


Det monnar ikkje mykje med dei få plagga me får til, men tanken teller den og ?For kvar hue me lagar er det ein mindre som frys på øyrene! Over er det bilde av tre av huene så långt. Treng litt meir trening i å strikke mønster ser du..Bil hua skal eg tove tenkte eg , for den er kjempe stor!. Bilen er teikna av svigerinna mi. :)

Har du mykje restegarn ?

Ha ein fin dag vidare

fredag 4. februar 2011

TETA prosjektet, garn for ein god sak!

I dag har eg handla i denne ferske nettbutikken, den heiter TETA







Tetaprosjektgruppen består for øyeblikket av fem kvinner :


Emma


Etablert med familie. Mann i arbeid og tre barn i skolealder. Administrator, men deltar i produksjonen når det er mye å gjøre.


Susan


Enslig bestemor, spinner og karder.


Lucy


Enslig bestemor, spinner og karder.


Caro


Enslig ung mor med datter på to år, vasker, farger og pakker.


Marianna


Enslig voksen dame, vasker, farger og pakker.






Prosjektet eies og har juridiske registreringer via den lutherske kirkens opplæringssenter i Kapenguria i Nord-vest Kenya og gruppen benyttes i distriktets opplæringsarbeid når bispedømmets kvinner er inne på kurs. Forøvrig arbeider de på kontraktbasis og er sterkt avhengig av å få solgt produktene sine.




 

Eg har lånt bildene på nettsida deira. Dette prosjektet engasjerer meg av mange grunnar.
Det er kjekt  å strikke og samtidig spennande med ein ny type garn. Men denne gongen er det viktig for meg å reklamere. Eg har nemleg budd 2 år i Kapenguria i Kenya ,saman med foreldra mine som arbeidde der som misjonærar. Ein flott plass høgt over havet, varmt,godt og frodig .
Mange i dette område er fattige så det er så flott at nokon hjelper dei i gong med eit slikt prosjekt ,slik at disse damene kan få eit godt arbeid og dei kan kjøpe seg mat! Me kjenner mange som bur der og dei har vel ikkje alltid til salt i grauten som me seier.

Håpar at du vil klikke deg inn i butikken å ta ein kikk. Dei har ikkje det store utvalget ennå men det kjem seg vel etterkvart :)

Ha ei god helg!

torsdag 3. februar 2011

Nokre bilder som gjer meg glad

Hei!
I det siste har eg strikka og strikka og rekt (rokke ?) opp mange mange gonger.
Eg hadde så lyst å strikke kosekurvjakken til pickles men det blir ikkje fint. No har eg gitt opp det mønsteret og prøver  å lage noko anna av garnet. Me får sjå om det prosjektet får plass på bloggen om ei stund.
Eg blir ganske nedfor når eg ikkje får til det eg vil!!


Men disse bildene under viser nokre lyspunkt i kvardagen min

Nøster som eg syns va så nydelige saman. Skal strikke vottar av dei tenkte eg.
Eg ser at fargane ikkje kjem så godt fram som eg hadde tenkt, slik er det når eg tek bilder etter mørkets frambrudd

Dynetrekk frå eit oldemorhus,   trekket  fekk eg av svigermor i dag! Blei såå glad!
Kva skal det bli av dette? Forslag? Kansje eg berre skal ha det til dynetrekk.
 Det er fint,heilt og veldig mjukt!

Og så bilde av dei "cookiesane" eg laga i dag. Ungane blir så glad når eg bakar
 (for ikkje å snakke om Gaute)
og då blir eg og glad ,enkelt og greit ;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails