Ugleinterlock og grønn velur kjøpt på cetho. Mønster frå ottobre str 4år
Angrar på at eg ikkje laga raglanarmar i denne genseren , trur det hadde vore tøffare .
I dag har me hat besøk av den vesle jenta i innlegget under, søstrene hennar og mor hennar. Veldig koselig å få besøk ein regntung formiddag. Ho eldste er ennå oppe å leikar med Alida. Henrik tok seg ein liten kvil i senga. Eg skal sette meg ner å sy litt og håpar eg får det til. Held på med enno eit grønt prosjekt men dette er av ein meir feminin art. Faktisk er det berre grønfargen som er likheten..hehe
Ha ei god helg!!
fredag 21. januar 2011
torsdag 20. januar 2011
Forklekjole
Fekk tatt to fine bilder i dag :) Er ho ikkje søt!
Dette er Henrik si veninne og eg laga denne kjolen til to årsdagen hennar.
Ha ein fin dag!
tirsdag 18. januar 2011
Nyttårs sokkane
Desse blei klare til nyttårsfesten og var veldig gode å ha på. Dei ser veldig lause ut men dei passar akkurat.
Eg brukte silja garn og oppskrift frå gjestal (litt modifisert) . Dei rekk langt opp på låra men eg bretter vrangborda ned slik at dei rekk til knea. Eg syns det blei tøft til kjolen min ,akkurat passe diskre ,pyntar kanskje ikkje opp ,men det viktigaste av alt er at eg ikkje frys i den tynne strømpebuksa...
Me hadde folk her nyttårskvelden, eg og mannen sto for middagen (pinnekjøt) og så hadde to av gjestene med kaker og dessert. Det var kjekt og veldig god mat!
I dag har me hatt besøk av mi vennine og Henrik sin kamerat. Veldig kjekt å sjå folk igjen etter mange sløve innedagar :)Henrik er heilt fin form igjen i dag.Herlig når det går fort over!
Alida sprang bort til naboen vår som ho har adoptert som ei ekstra bestemor. Det er visst veldig kjekt for dei begge to. No har eg satt på pinnakjøt :) (Me hadde ein pose frå nyttår liggande .) Fest på ein tirsdag!
Ha ein god dag!
mandag 17. januar 2011
Varm og god Tunika
Etter å ha strikka tunika til Alida i tynt alpakka garn fann eg ut at eg ville lage ein tjukkare variant også.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.
Denne har ho brukt mykje , perfekt til å tre over ullundertøy. Strikka den så pass lang at den rekk ned på låra ,så slepp ein slitsomme gliper på ryggen.
Eit "matchande" panneband for å bruke opp resten av garnet.
Her i heimen er det veldig stilt i dag. Far bygger hus, Alida er i barnehagen og minstemann er sjuk.
Herik orka nesten ikkje stå opp. Når han endelig sto opp i ni tida åt han tre skiver og drakk mykje.
Så etter 2 tablettar ein del kos, spurte han om han kunne få legge seg igjen. Stakkars liten venn.
Håpar han frisknar til etter kvilen.
Ha ein flott dag!
lørdag 15. januar 2011
Null stress Fleecedress
GODT NYTT ÅR :)
Eg er seint ute det veit eg , men så har kabelen til fotoaparatet vore borte sidan andre juledag.
Her er alt berre bra og eg har fortsatt strikkedilla :) Har fått jobb i gjestalgarn sine butikk lokaler i Oltedal.
Beynnar til våren og det gler eg meg til.Eg trur det passar meg ypparleg.
Ellers er det husbygging på gong så de veit ,og no i nærmaste framtid må me ut å kjøpe eit kjøken :) Det blir nok IKEA. Eg veit ikkje kva for eit endå , det står mellom tre.
I skrivande øyeblikk er det tidlig laurdag kveld ungane søv, og me skal visst ut dørene. Barnevakten bankar nok på snart .Blir herleg!
Ha ein god kveld!
mandag 20. desember 2010
Ein skikkelig god ide!
Eg har laga islykt av ein vannballong !
Det er så kaldt ute, så i dag tidleg la eg ut ballongar med vatn.
No i ettermiddag var dei klare. Håpar at kulden held slik
at me kan ha trappa fulle av desse lyktene på nyttårsafta :)
Dei blir nok blankare visst eg passar på å ikkje få snø på dei
det frys nemlig fast med ein gong.
Dei tre bildene over er frå stova til Mamma og Pappa
Eg syns det er så koselig der!
denne strikka Mamma til Henrik så han kan ha den over ei kvit skjorte på julaftan.
Eg hadde med meg garn og oppskrift og ho gjorde den ferdig på to kveldar :)
Takk!
I og med at eg ikkje syr så masse så det går seint med bloggen har eg lyst å skrive kva som er på strikke pinnane akkurat no , og det er nokre gode , varme sokkar som går opp til knea . Dei er til meg og passar til det meste eg har på meg for tida;)
Ha ei god jul alle saman!
onsdag 1. desember 2010
Tunika med daisyer
Desember er ein herleg måned syns eg, me har baka litt julekaker og tenner masse lys. Fyr i ovnen har me og, kvar våkne time i døgnet. Det er så koselig! Det er ikkje kun for kosen me fyrer , det er 10 minus ute og me MÅ og då tar det litt av sjarmen syns eg. Huset me bur i er gammalt (og mett av dager,neida) og det trekker inn alle plasser.
Så til saken ! Derfor syns eg det var veldig lurt å strikke ein tynn tunika til Alida i Alpakka garn :)
Her er resultatet
Så til saken ! Derfor syns eg det var veldig lurt å strikke ein tynn tunika til Alida i Alpakka garn :)
Her er resultatet
Oppskrifta heiter høstvest frå pickles og så har eg laga den litt
større og lengre så den blei ca strl 5 år.
Denne kan brukast til fint syns eg men den brukast mest til kvardags..
Visst nokon synes synd om oss no som har kaldt hus så eg trøste med at det er siste vinteren i dette huset ;)
Husbygging er godt i gong !
Abonner på:
Innlegg (Atom)