tirsdag 15. november 2011

Stor sittepute

Eg laga eit trekk til denne store Ikeaputa i går.
Den er god å ha å sitte på foran Tven i stova.
Eller på gutterommet. Den er sydd av restar som låg igjen,
då eg sydde opp gardiner til Henrik sitt rom.

syns det "gjorde seg" med litt pompongar på :)


Bilde av hylla som far min har laga til meg
           Endeleg har eg plass til den !

  No skal eg måle og klippe og stryke til nokre         " rullopp" gardiner.
Det har eg aldri gjort før så det går sikkert kjempe bra! :S
                                        
                                                                             Ha ein deilig dag!
                                         
                                         

mandag 14. november 2011

Pynteskjerf

Lite og søtt hekla skjerf
Passar til ei lita jente, skulle egentlig bli eit babyteppe men eg vil ha ein kraftigare kvalitet på garnet og større heklenål,då går det litt fortare og mønsteret visar betre. Men det blei eit veldig søtt skjerf då, syns du ikkje ?


Marie

Ps. Kva syns du om den nye bloggen min?

torsdag 10. november 2011

Dongeribukse

Ny bukse til Henrik:) mønsteret er ein blanding mellom forskjellige mønster fra blader og bøker. Passar kjempefint(overraska, i og med at eg hadde så samsatt mønster) og den har fin linning i brun rutete stoff. Skal ta fleire bilder å legge ut:)  Ha ein fin dag!

onsdag 9. november 2011

Sommaren kjem før ein anar!

Sommerkjole ! Litt feil årstid men eg måtte bare prøve:) med for og blonder. Passa akkurat til 5 åringen min , så får sjå koss den passe til sommaren.
Ha ein fin kveld vidare!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails