tirsdag 29. mars 2011

Bursdagsjentå mi

Tenk at ho er blitt 5år det er stor stas!
Her har ho på seg barnehagekrona
og den nye strikkevesten sin. Skulle vist meir av
den vesten men det var ikkje den som var viktigast
 når bildet blei tatt.Den  er frå pickles og strikka i eco-alpakka
Veldig mjuk og god!


                                      Her er kaka eg laga til det eine familieselskapet
                                      (me har så stor familie på begge sider at det er greiast å dele selskapet i to :)
                                      Sjokoladekake med marshmallowsfondant pynt .
                                      I dag har me hatt barneselskap og på søndag skal me ha familieselskap for
                                      fars side av familien ..Tenke tenke på kva kake eg skal lage då ?

                                   No tar eg kvelden og kjenner det skal bli godt..
                                    God natt

tirsdag 15. mars 2011

Lovise-kjole

Her ser du ei jente som har pynta seg på dåpsdagen sin : )
Dette er også ein barselgave som eg sydde for ei tid sidan.
Ei lita prinsesse!

mandag 14. mars 2011

Lazydaisy

Tantejenta mi i lazydaizy jakken
det var på tide den passa
og eg som syns den var så liten når
eg laga den :)

Ha ein super mandagskveld!

lørdag 12. mars 2011

Babyteppe (igjen)


Det er ferdig må bare få fingen ut å sende det med posten! :)
Ha ein kjempe fin lørdagskveld alle sammen
Eg gleder meg til å sette meg ned med strikketøyet !

fredag 11. mars 2011

Reste og fikseprosjekt

    Pyntepute til jenterommet laga av tøyrestar.
Denne genseren er fikseprosjektet.
Det var ein body eg sydde for ei tid sidan.
Godt likt og mykje brukt.
 Tenkte å forlenge levetida ved å klippe og sy om til genser.
Den skal få brun ribb på armane også.


No har eg tatt helgevasken her  i gamlehuset
Jenterommet i nyehuset er straks ferdig mala.
Mannen er der oppe å legg takstein på porchen.
Ferdig med babyteppet i rosa og lilla,må berre få sendt det i posten.
Begynt på eit nytt strikke prosjekt
har også ein ullsokk liggande som treng ein bror.
Vår lillebror tar seg ein dupp
 Alidamor trener seg til å bli sirkusartist oppe på rommet.
(høyrer ut som ho trenar opp elefantar)
Trivselen er på topp her


God Helg!

torsdag 10. mars 2011

Blomsterbukse


Ikkje så lett å sjå kanskje, men eg har eg sydd lommer på buksa.
Inni buksa å greier, med lomme pose å greier(å greier)
Dette var ein Marie gjør noe hun ikke kan..Men resultatet blei greit : )
Eg brukte eit bukse mønster frå sikk sakk .
Alida syns det blei pysjamasaktigt men det nekta eg for. og så sendte eg henne i barnehagen. hehe
Eg trur ho er nøgd no,  ho vil ha den på seg heile tida.
Genseren er frå i fjor sommar.

No er det snart  leggetid for søte små..Eg og Gaute skal opp i nye huset  å støvsuge og male tak :)
Og ute snør, og snør og snør det.


Ha ein fin kveld !

onsdag 9. mars 2011

Tresis Sitteunderlag

Her har eg hekla på fri fantasi og med restegarn.
På bildet er det ferdig tova og passelig til ei stor rumpe :)
Veldig greit når ein ikkje treng å feste trådar ,men berre klyppe dei av når plagget kjem ut av vaskemaskina


No snør det igjen her! Svære flak som legg seg og ser ut som dei har tenkt å bli der.
Dette var ein stor skuffelse. Tenker på dei små snøklokke knoppane eg såg i går.
Stakkars kalde små. No må det snart vara slutt på vinteren altså!

Me har mala litt kunst i dag.
 Henrik sine prosjekt blei ikkje så vellykka i og med han likte bedre å røre rundt i vatn .
Men det var no koseleg for det.

Ha ein fin dag vidare!

tirsdag 8. mars 2011

Babyteppe

Held på med mange prosjekt på ein gong for tida og det likar eg ikkje. Sokkar , babyteppe og fleire fikse prosjekt ligg klare inne på sy rommet..Der ligg også to bakstykker til ei bukse..Eg får rett å slett gjort for lite.
 Her er eit biprosjekt mellom alle dei andre.
.Ein tom boks (valnøtter) har fått nye kler.  Passar til altslags smådill :D
 Babyteppe på gong :) begynte på det for over eit år sidan. Tok det fram for ei veke si og rekte opp halve teppet ,begynte å hekle på det igjen i går kveld. No skal eg ikkje gi meg før eg har fått det ferdig og ut av huset!
 Eg må gje gass og bli ferdig med alt eg har begynt på, berre slik at eg kan begynne på noko nytt ..

Grunnen til at det skjeldan blir skreve innlegg her er at eg ikkje blir ven med den nye datamaskinen min.
Skal inn på kontroll med den i mårå. Håpar det lar seg ordne fort og greit.

Ha ein fin kveld :)
Eg skal male soverom i nyehuset i kveld :)

onsdag 2. mars 2011

I am back..Vil de sjå huset mitt?

Her er fram sida. Me skal ha ein liten balkong oppe på midten der.
Gler meg til å få hage også, men som de ser blir det nok ikkje denne sommaren;)
Huset skal malast kvitt så det er nok å gjer for å sei det sånn.. 
Her er inngangspartiet. Dei held på å bygge eit tak over
 slik at det blir ein slags porch(skrives det sånn?)
Sånn litt amerikansk western opplegg...hehe

dei nye sokkane mine...fekk eit tips av ei veninne om å
strikka vrangborda på to pinnar og så sy i saman.
Det blei ein hit og sømmen viser ikkje sidan garnet har så mange fargar.


Karnevalsguten min

Babyteppe av Tetagarnet eg kjøpte her.
Veldig mjukt og godt ,strikka på pinne 10.
Frå det eine hjørnet til det andre. Ligg klar i Ukraina sekken.

I dag har me vore på besøk og lekt med gode venner ,
ein tur på lekeplassen blei det også tid til før kviletid.
No held eg på å bli kjent med denne nye dataen og så held eg også på å klippe ut ei bukse...

Ha ein fin dag vidare!



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails