mandag 17. januar 2011

Varm og god Tunika

Etter å ha strikka tunika til Alida i tynt alpakka garn fann eg ut at eg ville lage ein tjukkare variant også.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.

Denne har ho brukt mykje , perfekt til å tre over ullundertøy. Strikka den så pass lang at den rekk ned på låra ,så slepp ein slitsomme gliper på ryggen.
Eit "matchande" panneband for å bruke opp resten av garnet.


Her i heimen er det veldig stilt i dag. Far bygger hus, Alida er i barnehagen og minstemann er sjuk.
Herik orka nesten ikkje stå opp. Når han endelig sto opp i ni tida åt han tre skiver og drakk mykje.
 Så etter 2 tablettar ein del kos, spurte han om han kunne få legge seg igjen. Stakkars liten venn. 
Håpar han frisknar til etter kvilen.

Ha ein flott dag!

1 kommentar:

  1. Så fin tunika :) du er flink! Koselig å treffe på dere på lørdag! God Bedring til Henrik!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails