onsdag 24. mars 2010

Apebody og kjekkasgenser

Eg laga først ein apegenser.

                                              Så tenkte eg på at det er mykje meir praktisk å ha body .
                                             Men eg hadde ikkje nok apestoff til det..
                                             Så her klippa eg av ein gammal body (heilt utslitt stakkars)
                                             Det blei ikkje fint men så skal det jo væra nede i buksene.
                                              Eg såg ein bloggar hadde gjort det same med ei finskjorte.
                                             Var det deg Mittbo?
                                             Stoffet er fra cetho og stoff og stil.
                                             Håper at halsen blir litt finare på gutungen enn som den ligg her.


Så kjem kjekkasgenseren fra pickles.no
Veeldig kjekk å strikke og gjort på ein to tre :)
Men halsen blei ikkje der den skulle ,
det kan væra mange grunnar til det men  eg skal lage
fleire og då begynner eg berre å felle til hals tidligare. Så ser me om det går bedre.
Eg skal også bruke tynnare pinnar på ribbestrikket nede og på armane.
Genseren passar på vesleguten og er strikka i tjukk Alpakka fra Viking

  
                                     Tilslutt vil eg vise eit minne frå Toscana turen eg va på i helga.
                                      Dagbok i lær :) Eg falt pladask. Eg skriv ikkje dagbok men eg trur eg
                                      kan  begynne no berre for å sitte med denne boka i hendene :)

                    
                                              Ha ein fin kveld videre!

2 kommentarer:

  1. aaahhh, ikkje spør meg koffer teksten på det innlegget er heilt på bærtur!! håper det er leseligt for det!

    SvarSlett
  2. Hehe, irriterende når teksten lever sitt eget liv, ja :). Og ja, var meg med skjorta. Men har stjelt ideen fra ei kjøpeskjorte som hadde sånn.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails