fredag 17. september 2010

Turkis selebukse

Det er jammen ikkje lett å ta bilder av denne viltre baiasen!
Men han har fåt ny bukse i dag så då måtte eg jo prøve verfall.
Veldig god å mjuk babycord frå Stoff og stil som passar så fint i lag med det turkise stjernestoffet eg har kjøpt på Cetho design. Str er 3 år så denne passar lenge. Eg har stappa buksene oppi sokkane på desse bildene. Veldig delikat! Men eg tenkjer at eg skal sy på ribb med same stjernestoffet.
I dag har mi kjære svigerinne bursdag og Alida har skreve kortet heilt sjølv!
Eg skreiv det først på eit ark  altså men alikevel er eg kjempe stolt. Ho er jo berre 4 år :) G og S er vanskelige..Hehe :) Men legg merke til kor fint ho har skreve Alida. Det har ho øvd seg mykje på :)

Ellers hadde me ein kjempe flotte tur til Kr.sand sist helg:) Det var herlig ! Både Aha og stoff og stil! Gøy!
I kveld har eg vore på sykurs med kjekke damer og det gjekk veldig bra : )Får legge ut resultatet ein an gong.
I morgon er det bryllup ! Ops..eg må prøve kjole ...

God natt!

1 kommentar:

  1. Så fin bukse!! Herlig turkis. Og for et søtt kort. Barn har x-faktor :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails