søndag 21. februar 2010

I dag har eg laga ei veska til min svigermor . Og viss nokon syns eg har vore litt vel vågleg i tøyvalet kan de berre slappe av for ho kom med dette stoffet sjølv og ville ha ei veske. Denne veska er spesial sydd til kaffikanna og diverse som ho har med seg på arbeid. Fuglen eg har applikert på er inspirert av logoen til Gilje Trevare der ho jobbar. Eg seier inspirert fordi den blei jo speilvend når eg klippa den ut .heh..kremt...Veska er i utgongspunktet (irr)grøn utanpå og mørkblå inni. (det kan du sjå på det eine bildet der eg har vrengt den.) Det fine er at ein kan vrenge den og bruke innsida ut og utsida inn alt etter dagshumøret! Og ein ting eg syns er litt kult er ein karabinkrok (er det det det heiter? ) eg har festa i ei reim over lomma. Ganske grei å feste nyklar i :D





Her ser du Gilbert!

Og her kjem Dorabuksa som eg skreiv om tidligare. Denne er sydd utan sidesaumar.
 Eg er misfornødd med montering av ribben i dag,og eg syns den blei for smal.
Men det er jo tross alt Dora så då går ho nok med den uansett!

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails