torsdag 3. februar 2011

Nokre bilder som gjer meg glad

Hei!
I det siste har eg strikka og strikka og rekt (rokke ?) opp mange mange gonger.
Eg hadde så lyst å strikke kosekurvjakken til pickles men det blir ikkje fint. No har eg gitt opp det mønsteret og prøver  å lage noko anna av garnet. Me får sjå om det prosjektet får plass på bloggen om ei stund.
Eg blir ganske nedfor når eg ikkje får til det eg vil!!


Men disse bildene under viser nokre lyspunkt i kvardagen min

Nøster som eg syns va så nydelige saman. Skal strikke vottar av dei tenkte eg.
Eg ser at fargane ikkje kjem så godt fram som eg hadde tenkt, slik er det når eg tek bilder etter mørkets frambrudd

Dynetrekk frå eit oldemorhus,   trekket  fekk eg av svigermor i dag! Blei såå glad!
Kva skal det bli av dette? Forslag? Kansje eg berre skal ha det til dynetrekk.
 Det er fint,heilt og veldig mjukt!

Og så bilde av dei "cookiesane" eg laga i dag. Ungane blir så glad når eg bakar
 (for ikkje å snakke om Gaute)
og då blir eg og glad ,enkelt og greit ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails