tirsdag 8. februar 2011

Vottar

Sydd i fleece og mønster frå sikk sakk
Ganske store til å være størrelse 6 år. Dei passa jo til meg jo!
 Men eg skal ikkje ha dei, desse skal
også sendast til Ukraina.

I dag har me vore i barseltreff med Henrik sine framtidige klassekameratar.
Dei begynnar å bli så store no. Klarar å leike saman og komuniserer ganske bra.
Me skal i 3års dag til den eldste på fredag! Eg seier som alle andre at tiå fyk altså!

Alida er ikkje i form om dagen ,ho har fått nyrebekkenbetennelse for andre gong
denne vinteren og blei veldig dårlig på søndag. me har fått henvisning til UL på sykehuset.
Mamman syns selvfølgelig da e veldig fælt å sjå når jenta har så vondt.Blir ein del tårer i bekymring.
 Heldigvis er ho kjempe flink å ta medisinen sin og blir sakte men sikkert betre trur eg.No skal eg opp å sei god natt ein gong til, det veit eg ho set pris på, der ho ligg å ventar på søvnen.

Ha ein fin kveld!

1 kommentar:

  1. For et bra prosjekt! Kjenner meg igjen i bekymringen for syke barn. Har en med høy feber her i hus. Ikke noe kjekt.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails