fredag 11. mars 2011

Reste og fikseprosjekt

    Pyntepute til jenterommet laga av tøyrestar.
Denne genseren er fikseprosjektet.
Det var ein body eg sydde for ei tid sidan.
Godt likt og mykje brukt.
 Tenkte å forlenge levetida ved å klippe og sy om til genser.
Den skal få brun ribb på armane også.


No har eg tatt helgevasken her  i gamlehuset
Jenterommet i nyehuset er straks ferdig mala.
Mannen er der oppe å legg takstein på porchen.
Ferdig med babyteppet i rosa og lilla,må berre få sendt det i posten.
Begynt på eit nytt strikke prosjekt
har også ein ullsokk liggande som treng ein bror.
Vår lillebror tar seg ein dupp
 Alidamor trener seg til å bli sirkusartist oppe på rommet.
(høyrer ut som ho trenar opp elefantar)
Trivselen er på topp her


God Helg!

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails