søndag 14. februar 2010

Ullsokkar til små føter...

Eg har ikkje sydd dei siste dagane , har nok vore litt trøytt trur eg :/ men eg må jo ha noko i hendene som regel så eg har strikka litt sokkar. Alida trong nye sokkar så ho fekk eit stripete par og dei måtte jo være rosa selfølgelig.
Denne veka fekk eg vite at eg blir tante til ei lita jente til i juli så då fekk eg inspirasjon til å lage nokre babysokkar ,desse er laga utan hel (spiral eller tubesokkar om du vil) slik at dei sit godt på foten ,du kan dra dei langt opp i byrjinga , så eg håpar dei vil vare lenge. No blir jo denne jenta fødd midt på sommaren, men eg trur nok dei passar når det vert litt kaldare også .Det finnes heller ikkje nokon garanti for ein varm sommar :/ Eg trur eg må lage fleire slike par til ungane mine og, då kan dei kanskje bruke dei to vintrar :) Ja..det var dagens i frå meg. I dag skal me i 85 års dag til oldemor :D Det blir kjekt!
Ha ein god søndag vidare!

2 kommentarer:

  1. Thank you for visiting my blog! I don´t understund what you are writing ;) either. (Sometimes I use google translator.) I´m sorry that I don´t always have time to write everything in finish and also in english...

    SvarSlett
  2. hehe, I didnt think of that, that its no easyer to understand norwegian for you than finish for me!hehehe I can try to use google transalator and if there is anything you want me to transalate you just let me know.
    Your blog is very inspiering!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails