onsdag 21. juli 2010

Barbiekjole

Mi gamle barbiedukke fekk seg ein ny gallakjole i kveld.
Tenker det er ei lita flis som blir glad for det i morgon:)
Det blir lite sytt med meg fortia. Kan ikkje skylde på det fine veret for det har me lite av
Men eg har jo to aktive små og nokre kveldar er ikkje energien tilstades . Dei andre kveldane er eg sosial :)
Og det syns eg er enda viktigare , no når så mange har fri! :D
Noko anna som stressar meg litt fortida er tre små kattungar som eg passar på.
 Dei er enormt aktive dei og! Mjau mjau her og mjau mjau der..For å sei det sånn!
Den eine skal me ha , men ein er ein og tre er 10...Så eg gledar meg til dei to andre blir henta.

Mønsteret til denne kjolen fann eg i ei bok på biblioteket og det som var litt morosamt var at sist gong boka var i dette hus, la eg inn nokre mønster eg hadde teikna av og glømde dei heilt av.Og i dag fann eg dei igjen..:)

Har tre bestillingar på gong så det blir nok fleire innlegg snart :)
Ha ei god natt!
Klem frå Marie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails