fredag 26. mars 2010

Velourgenser og livebilder

Han klatra opp på bordet for å sjå kva eg holdt på med.
Her peikar han på det han likte best ;) hehe

 Henrik midt i ein av sine herlige dansar .

Buksa sydde eg samtidig med genseren men den er eg ikkje heilt fornødd med.
Det er ei snekkerbukse men eg trur eg klipper av "snekkeren" og syr på ribb heller.
De var då kor den brune ribben min er blitt av. Den va jo borte då eg skulle lage apegenseren og.
Gler meg til eit nytt hus med eit syrom så eg kan halde på i fred og ha litt plass til å halde orden!
No må eg rydde alt bort på forskjellige skap og hyller kvar kveld. Tar veldig tid å komme i gang når ting er spreidd rundt sånn...sånn då va det sagt ! Godt å få det ut.

onsdag 24. mars 2010

Apebody og kjekkasgenser

Eg laga først ein apegenser.

                                              Så tenkte eg på at det er mykje meir praktisk å ha body .
                                             Men eg hadde ikkje nok apestoff til det..
                                             Så her klippa eg av ein gammal body (heilt utslitt stakkars)
                                             Det blei ikkje fint men så skal det jo væra nede i buksene.
                                              Eg såg ein bloggar hadde gjort det same med ei finskjorte.
                                             Var det deg Mittbo?
                                             Stoffet er fra cetho og stoff og stil.
                                             Håper at halsen blir litt finare på gutungen enn som den ligg her.


Så kjem kjekkasgenseren fra pickles.no
Veeldig kjekk å strikke og gjort på ein to tre :)
Men halsen blei ikkje der den skulle ,
det kan væra mange grunnar til det men  eg skal lage
fleire og då begynner eg berre å felle til hals tidligare. Så ser me om det går bedre.
Eg skal også bruke tynnare pinnar på ribbestrikket nede og på armane.
Genseren passar på vesleguten og er strikka i tjukk Alpakka fra Viking

  
                                     Tilslutt vil eg vise eit minne frå Toscana turen eg va på i helga.
                                      Dagbok i lær :) Eg falt pladask. Eg skriv ikkje dagbok men eg trur eg
                                      kan  begynne no berre for å sitte med denne boka i hendene :)

                    
                                              Ha ein fin kveld videre!

fredag 12. mars 2010

Heklajakke

Denne laga eg før Henrik blei fødd.
 Den var nok laga til storesøster, men så blei eg så lei av den at eg
ikkje gadd å bruke den når den var ferdig. Hadde hekling oppi halsen ei stund etter dette.
Laga av garnrestar eg hadde frå babyteppet eg hekla til  Henrik. Hadde berre ein knapp til å ha i no
men det kjem seg når eg får handla litt ;)  veldig glad i fargesamansetningen :) eg hadde ikkje mønster men eg såg etter ein gammal jakke (ca 35 år ) . Det er ganske enkelt å sjå etter plagg når det kjem til hekling.Under er ein jakke eg laga til Alida før jul. og beviset på at selbuvottane er ferdig og at eg har ei svigermor som er heilt super ;)

GOD HELG!!

onsdag 10. mars 2010

Velourkjole med krone

Denne er laga i lysblå velour og er mjuk og god. Eg hadde litt gullstoff liggande
Tenkte at det ville gi ein stilig effekt på kjolen. Desverre ville ikkje vliselinen hengje på
det gullstoffet, slik at applikeringa blei vanskelig og ikkje fin.
No er kjolen vaska og al gullet forsvann ,men no er krona sølv og det blei endå finare ! Mønsteret er ein forlenga raglandsgenser som eg har brukt tidligare .

fredag 5. mars 2010

Puffbukse som høyrer til turkis tunika

No har eg sydd ferdig alt som låg oppklyppt :)
Denne buksa høyrer til den turkise tunikaen eg laga til Alida sist helg.



Dei er lysturkise begge to (TILDA), på bilda ser dei meir grøne ut men så er eg jo ikkje kjend for å så godt kamera akkurat . Eg teknkjer mannen skal få eit nytt fotoapparat av meg til bursdagen . Det ønskjer eg han,sjølv om han ville nok heller hatt eit instrument. Det har han fått kvart år nesten. Håpar prinsesse Vilikke vil ha den på seg , visst ikkje kan kanskje Henrik ha den? Eller syns de at det blir for feminint ?  Han skal jo sjølvsagt ikkje ha tunikaen over altså , hehe....
Javel, det er nok på tide at eg går å legger meg. Tar på å ha mann bortreist på jobb. Men me har fine dagar. I dag baka eg boller og me fekk besøk av to dmå damer og ei stor . Jentene var ute å leka heile formiddagen ,små brødrene sov på kvar sin kant,og mødrene strikka og diskuterte håndarbeid.
Veldig koselig.
God natt!

Litt strikk som blir til undervegs


Har strikka på desse selbuvottane ei stund føle eg. Men eg har nok ikkje hatt dei i hendene så lenge som eg føler .No fekk eg ikkje til tommelen så eg har levert dei fra meg til svigermor. Det gjer ingenting om eg ikkje ser dei på ei stund for å sei det sånn. Eg blei litt lei av dei..Til neste haust er dei nok greie å ha!
Dei er lys og mørk lilla.

Av og til blir eg ganske irritert på på dataen når eit bilde nektar å legge seg den vegen eg vil!
Desse har blitt til av restegarn og pga av at eg vill ha eit arbeid der eg slapp å tenke.Eg er ikkje ein resar på strikk så det er godt eg øver meg .

torsdag 4. mars 2010

Raglansgenser

Her er den, og bilde lyg. Fargen rød og ikkje oransje. Brun ribb og jersey fra cetho design. Mønsteret er frå samme boka som eg brukte til den turkise genseren til Henrik.  Me får sjå kven som endar opp med denne  den passar både gut og jente syns eg. Strls 110. Ganske lett eigentleg. No har eg berre 2 bukser som skal være klar til lørdag og så har eg ikkje fleire prosjekt liggande, men eg ligg vaken og grublar på kva eg skal lage ;) Og eg har masse tøy. Etter tips frå ei vennine begynte eg å tegne ned ideane mine i ei bok. Det var LURT! Sovnar fortare når eg har fått ideane ut.

Stoff bit

Henrik i genseren sin :)
med siklesmekka på ,den har apekattar på undersida.

Eg fann ei side eg likte :)

Dette er fin side med dukkekler men det er meir enn det , pengane går til ei hjelpeprosjekt iEtiopia
sida finn du her. 



Beskrivelse av bloggen:

Dukkeklær til babyborn


Vil du hjelpe oss å hjelpe? Brannskader blant barn er svært alminnelig i Etiopia. Sjansene for å overleve større skader er små. Barn med handikap i Etiopia har begrenset utviklings mulighet i samfunnet. Dr Einar Eriksen reddet livet til Harstadværingen Hans Petter Schjelderup etter en alvorlig ulykke i august 2005. Nå arbeider de sammen for at barn i Etiopia skal få hjelp til å overleve, - og leve med brannskader. Hjelp oss å bygge brannskade senter for barn i Etiopia

 Knall fine kler til babyborn dukker :)
Eg skal sy ferdig ein raglandsgenser no så kanskje det blir eit blogg innlegg til i kveld:)
                                                          Ha ein kreativ aften!

tirsdag 2. mars 2010

Genser til Henrik

Tøy frå Cethodesign og mønsteret er frå ei bok eg lånte på biblioteket .
Den heiter  Sy barneklær av myke stoffer forfattar Åsa Lennartsson. Eg va så redd for at halsen skulle bli for trang så då blei den jo motsatt. Men den passar fint og skal bli invigd i dag.
Ha ein nydelig dag!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails