torsdag 12. august 2010

Muffin , oreo og kake


På bildene over ser du kva eg har holdt på med i det siste :) Har hatt besøk av Mamma og Pappa og då er det kjekkare å hekle å strikke enn å sitte å sy for seg sjølv.
 Har sett mange sybloggar der eg har fått inspirasjon til dette men mønsteret har eg dikta sjølv
Det finnes nok bedre variantar av mønster , men eg prøver nok igjen.
Ungane har lekt masse med det :)


Her har me bilmekanikaren min...Hehe...Han måtte nok sjekke om eu-kontrollen var blitt gjort skikkelig.

lørdag 7. august 2010


Jack and Jones Jeans
Snekkerbukse laga av ei av Gaute sine bukser som aldri passa, altså ikkje brukt. Litt stiv , men eg håper det kjem seg når den har blitt vaska godt og lenge :) Mønsteret er frå sikk sakk men denne buksa var for smal i beina til det mønsteret og det trur eg alle buksene til Gaute er.. Det var jo litt dumt..Så disse er slimfit ..hehe..
Bukseselane er berre linningen som er klippa opp og sydd på :)
No har me fire kosa oss med pitabrød med kjøttfyll og salat , snart legge dei søte små seg og då skal eg hekle litt på vaskekluten  min..
GOD HELG!

torsdag 5. august 2010

Piratbody?

Ser kanskje ut som en vanlig genser , men det er  altså ein body .
Syns det er mest praktisk på bleiestadiet.
Den minner meg om sjørøverar pga stripene og fordi at den er litt open i halsen. Akkurat slik eg ser for meg at sjørørverar går kledd. Denne guten er ein røvar, men berre til lands enno.
Legg merke til dei nye knappane eg har kjøpt meg. Det er trykkknappar frå drømmehagen..
ehh nei eg meinar lykkedragen...

Dagane her går fort men seint på same tida. Det er noko å gjere heile veien. Ungane er travle og eg og mannen er slitne når det blir kveld. Men eg syr litt alikevel .Det er enormt god terapi for meg. heh..Er ikkje så lett å sove heller når ideane kvernar rundt og rundt...
Tenker eg sko hatt ein loddtrekning her på bloggen snart, men eg kjem ikkje på noko som kan være kjekt å vinne...

Ha ein god kveld videre!
Marie

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails