onsdag 30. juni 2010

Genser og posebukse til Alida

Mønster frå Sikk Sakk
Stoff frå S&S og Kreaktiv (Kvadrat)
Dongeri stoffet kosta meg 50 kr frå ei reste korg :)
Syns fargane er nydelige!
Jenta blei veldig fornødd .
Og eit eit stooort pluss er at dei begynte å grave på tomta vår i dag!
Eg skal lage ein god kvelds i kveld så skal me feire!

tirsdag 29. juni 2010

Forklekjole strls 4 år

Alida i sin nye forklekjole.
Eg har laga mønster ut i frå Sikk Sakk bok sitt mønster.
Det gjekk berre opp til 3 år. Ikkje så gode bilder denne gongen heller ,
ho er rimelig lei av å bli tatt bilde av no så eg hadde 1 min til rådighet.

Elefantane til Henrik ! Kjøpte dei av Den Gode Feen.
Dei skal opp på rommet hans når me får nytt hus.

Ha ein nydelige dag!
No må eg bretta kler .....håpar du slepp det...

Halterneck til meg!

Her er eg , elskar å posere :P Men ser ein bort i frå at eg er inni så elskar eg denne toppen!
Mønster frå Onion :) Viskose jersey frå S&S.


Skulle egentleg ha festa stroppene bak i baksykket men eg likar betre denne versjonen :)

lørdag 26. juni 2010

Baby Sunsuit

Made by Rae inspired me to make this Sunsuit. Thank you for the tutorial Rae!
This one is made for my brothers babygirl , she is about 8-9 months old :)
It was easy to make but it did take me some time . I love the result!
I just wish I had a babygirl here to try it on .


Its getting late an i have to get some sleep!
Good night everyone

torsdag 24. juni 2010

Sparkebukse


Vart du skremt no?



Sparkebuksa er laga av tøy frå Cetho og Stoff og stil :) Møsnteret kjem frå denne boka som dei gravde fram på biblioteket. Eg likar å tenke at det var på mi oppfordring. Denne boka var kjekk!
Buksa manglar knappar og der er eg litt i tvil om eg skal trekke knappar og sy knappehol. Men problemet er at eg slit med å få til fine knappehol! Så kanskje eg berre skal slå i trykk knappar som eg pleier? Ikkje lett å bestemme seg!
 Og så skal eg  sy ein stikning rundt heile smekka. Men då må strykehjernet fram og det orka eg ikkje i kveld.
God guten min med munnen full!


 ST. Hans Feiring på Dirdal!

Ha ei god natt!


mandag 21. juni 2010

Bestilling fullført og eit flyfoto

Solhatt
Lin blanding frå IKEA og mønster frå SIKK SAKK,Har laga ein tidligare til Henrik men denne laga eg breidare brem på . Syns det vart fint.

Heildress
Stoff i frå cethodesigns ,mønster har eg laga sjølv strl 98
Synes knappar i ryggen blei finast sjølv om eg fekk aldri så mykje hjelp av svigermor :)
På dei nederste bildene er fargen nesten slik den er i røynda på dei øverste er den ikkje i nærleiken.
Eg vil kalla denne fargen " graset på andre sida av gjerdet" for den har så fin grønfarge.


bukser strl 98


Fly foto over ettermiddagens bygge og lekeprosjekter
Fantasien er vertfall velutvikla på mitt eldste barn. Det liker eg!

Ha ein kjekk kveld!
 ei av mine besteveninner kjem hit,
så eg skal begynne på kveldsen no!


mandag 14. juni 2010

Pjs for Henry




Flanell frå cethodesigns Kanon fin farge!
blei trykkknappar i staden for dei som viser på det nederste bildet
Bildene blei jo ikkje så bra men eg må skulde på at guten er i ro kun når han søv.
Og så har eg jo ikkje godt kamera heller!
Eg klippa ut etter mønster frå ei bok eg har ,men opererte med så absurde tal og cm her og der så mine tal stemte aldri med hennar. Men eg fekk det til å sjå likt ut og eg syns det blei veldig fint:)
Og guten er jo bere heil skjønn i den :D

I dag skal eg og Gaute på tur til Bergen for å høyre Mark Knopfler.
Gleder meg!
Håper du får ein super mandag!

fredag 11. juni 2010

Nokon har bestilt hos meg!

Denne er til ein liten gut på ca 18mnd.
Skal ha trykk knappar i halsen.
Og etter desse bildene blei tatt har eg altså sydd opp den nederste sømmen på genseren.
 Eg syns den blei fin! Håper den fell i smak hos bestillaren :)

onsdag 9. juni 2010

Shorts -redesign

I dag mens Henrik fekk sin velfortjente kvil laga eg denne shortsen til han. Den er laga av ei gammal bukse som eg hadde liggande. På det nederste bilde har eg ikkje strikk i beina.Eg fann ut ad det blei finast med så det har eg gjort i kveld. God og mjuk bukse men samtidig kraftig stoff som tåler mykje lek :)
Klippa av ei lomme på buksa og sydde den på shortsen. Ganske fornøyd , men hadde eg ikkje vore sånn i farten for å få den ferdig så hadde eg applikert noko på den trur eg.


Me hadde piknik i hagen i dag med vannmelon og moreller :)
Alida som syns me absolutt burde og det syns eg og Henrik var ein veldig god ide.
Katten vår, Fofi Matira, syns me hadde litt løyen oppførsel og følte det var på sin plass å følge med.

mandag 7. juni 2010

Sommerkjole og nytt tøy i posten

Her er mi store solstråle på lekeplassen .Gult er kult.
lille martine frå stoff og stil og eit hav av strikk
Kanon søt syns nå eg ;)


Det blei jippimandag her i dag når postdamå kom. Så kjekt å få tøy!
No skal eg kosa meg ! Fargane forsvant litt på bildet .. Det øverste er lilla med kvite blomar
Og det nest nederste på samme bildet er babyrosa velour.

søndag 6. juni 2010

Solhatt

Søte lille gutten med sine søte lille hatt ,han har så lyst hår at han hadde 
fort blitt solbrent visst ikkje han hadde hatt noko på hovudet .
Denne har eg laga i eit stoff som er blanding av lin og bomull, kjøpt på IKEA.
Oppskrifta er frå Sikk Sakk boka. Eg lagar desse på bestilling visst nokon ynskjer seg :)
Strls 2-3 år. Pris 125 kr

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails