lørdag 31. juli 2010

Jumpsuit


Rosa Jumpsuit i lille martine
mønster frå Sikk Sakk (mi favoritt bok)
Det var skikkelog stor suksess hos jentå mi :)
Og et bilde av pusen vår Smoothie Martine , godt komme på av ei  på 4 år :)
I dag har eg vore på nyopning av Cethodesigns butikk på Ålgård.
Det var veldig kjekt og eg kan anbefala alle ein tur innom! Køpte mange meter med stoff..
Me får besøk av onkel Erlend i kveld så eg må snart begynne på Pizzaen
Ha ein god Lørdagkveld :)

fredag 30. juli 2010

Live bilder på Alvekjolen

Er ho ikkje nydeleg ? Det syns jaffal eg!
 

Tights til meg sjølv og litt smått

Hatt til naboguten :)

Har fått sydd litt i dag og jammen blei eg ikkje ferdig med fire ting . Hadde klippa det ut på forhånd og så fekk eg ei stund mens Henriken kvilte , Alida og Far gjekk til Farmor og Farfar :)
Tights til meg sjølv! Det var kjekt !Og ein langshorts (sjølvmotseiande? ) til H , me skal til Hellas i august, så eg veit han får brukt den litt der vertfall :D Det fjerde plagget er ein kjole, ein ballong kjole som Alida skal ha i selskap på mandag så eg får vente med å ta bilder til dess. :)
Herlig!
Kattungane likar å sjå på når eg syr ;)

God helg  Alle saman!
 Eg skal sy jumpsuit til Alida..Har tenkt på det så lenge at no må det bli :)

lørdag 24. juli 2010

Eg vil ha!

Potterybarn til Norge!!
eller til europa i det minste...Eg kan sitte der inne å kikke i timesvis...
Her er fire av romma..Dei har tilasaman 21 jenterom og sikkert like mange gutterom..
Dei sel ikkje til europa desverre.. eg veit noko av det finnes på e bay..men eg vil kjøpe frå butikken og velge fritt frå alle gosakene dei har der...Eg har hørt om ein plass ein kan registrere seg slik at ein livel kan få tilsendt varene.. Dette har vore på trykk i eit kamille mor og barn blad..
Nokon som har lest det ?
Ha ein fin lørdagskveld! :D

fredag 23. juli 2010

Alvekjole

Alvekjole...Eget mønster
Fargen er mykje meir lilla men eg får det ikkje fram på bildet!
Visst nokon har tips til bedre fotografier så bring it on! :O
Rosa hjerte og rosa inni hetta
Prøvde å få den intill sittende oppe og litt sving på skjørtet
Er spent på om kunden er likar den!

Ha ei god helg!

onsdag 21. juli 2010

Barbiekjole

Mi gamle barbiedukke fekk seg ein ny gallakjole i kveld.
Tenker det er ei lita flis som blir glad for det i morgon:)
Det blir lite sytt med meg fortia. Kan ikkje skylde på det fine veret for det har me lite av
Men eg har jo to aktive små og nokre kveldar er ikkje energien tilstades . Dei andre kveldane er eg sosial :)
Og det syns eg er enda viktigare , no når så mange har fri! :D
Noko anna som stressar meg litt fortida er tre små kattungar som eg passar på.
 Dei er enormt aktive dei og! Mjau mjau her og mjau mjau der..For å sei det sånn!
Den eine skal me ha , men ein er ein og tre er 10...Så eg gledar meg til dei to andre blir henta.

Mønsteret til denne kjolen fann eg i ei bok på biblioteket og det som var litt morosamt var at sist gong boka var i dette hus, la eg inn nokre mønster eg hadde teikna av og glømde dei heilt av.Og i dag fann eg dei igjen..:)

Har tre bestillingar på gong så det blir nok fleire innlegg snart :)
Ha ei god natt!
Klem frå Marie

søndag 11. juli 2010

Prikkete onepiece og diverse


                                    Denne blir god og varm under dressen til vinteren
                                   Mønster eget og tøyet er frå eit  fleece teppe eg kjøpte på coop obs ;)
                                   Ser nokre forandringar eg vil gjere i skrittet , klipte litt før eg tenkte.
                                   Ellers fornøgd!
Sommarhatt
Sikk sakk
Lille martine
Og ein trekt knapp som ein søt detalj på toppen


Meg i min nye bluse
Vannfall i halsen og greier
Eg ser at dette er kanskje ikkje heilt den rette modellen for meg
Lov å prøve seg! :D
Elskar fargen og stoffet!


Alida på "hispå" si :)
Eg seier Reila:) Kva seier du?
Dissa , føysa ,ronsa?
Kunne tenkt meg å ta med dette gamle epletreet når me flyttar...
Det og dei gamle lafta veggene er vel det einaste eg kjem til å savne!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails