fredag 28. januar 2011

Vest for kalde dagar

Her er den nye vesten min


Blei ferdig med den i går kveld. Strikka etter inspirasjon frå pickels og med viking eco-alpakka garn strikka på pinne nr 6.
Veldig kjekt prosjekt ,men eg skulle ønska eg hadde mulighet til å prøve den på før eg var ferdig med den. Skulle laga den lenger og vidare, men sånn blei det no denne gongen. Veldig mjuk og god vest i det minste

Eg og ungane har vore i Sandnes og på Ålgård og handla litt på salg. Det var ein fin tur tatt i betraktning at eg hadde med to små :) no er me trøtte alle saman og eg skal berre sitte i ro i stolen min heile kvelden. Det gler eg meg til!

Ha ei fin helg alle saman!

tirsdag 25. januar 2011

Blomstereng bluse


Eg likar ordet bluse, det er så koselig, og alt for lite brukt :) Her har du eit av mine siste prosjekt





Eg fann mønsteret i ottobre og stoffet er frå stoffogstil.
Veldig kjekt å sy i bomull igjen. Lenge sidan sist..
Dette var eit stort prosjekt for meg, mange små delar ,mykje stryke innlegg, mange rynketrådar ogtrekking av knappar. Knappehol  fekk eg jammen øvd meg på og!
Du vil finne feil ved dette plagget (om du er nøyen på det )men eg er gasnke fornødd og gledar meg til å sjå den i bruk. Det neste blir å lage eit passande skjørt ,dongeri kanskje?

Sydde ei bitte lita truse til Alida i går kveld, den er til testing akkurat no.
Har ikkje fått nokon klager til no. Hehe...
Ellers  er veret så lett ig lyst i dag at eg trur me må ut å lufte oss snart.
 Me har hatt formiddagsbesøk så den tida gjekk fort  :)

Ha ein fin dag vidare!

fredag 21. januar 2011

Ugler i trærne

Ugleinterlock og grønn velur kjøpt på cetho. Mønster frå ottobre str 4år
Angrar på at eg ikkje laga raglanarmar i denne genseren , trur det hadde vore tøffare .


I dag har me hat besøk av den vesle jenta i innlegget under, søstrene hennar  og mor hennar. Veldig koselig å få besøk ein regntung formiddag. Ho eldste er ennå oppe å leikar med Alida. Henrik tok seg ein liten kvil i senga. Eg skal sette meg ner å sy litt og håpar eg får det til. Held på med enno eit grønt prosjekt men dette er av ein meir feminin art. Faktisk er det berre grønfargen som er likheten..hehe


Ha ei god helg!!

torsdag 20. januar 2011

Forklekjole

Fekk tatt to fine bilder i dag :) Er ho ikkje søt!
 Dette er Henrik si veninne og eg laga denne kjolen til to årsdagen hennar.

Ha ein fin dag!

tirsdag 18. januar 2011

Nyttårs sokkane


Desse blei klare til nyttårsfesten og var veldig gode å ha på. Dei ser veldig lause ut men dei passar akkurat.
Eg brukte silja garn og oppskrift frå gjestal (litt modifisert) . Dei rekk langt opp på låra men eg bretter vrangborda ned slik at dei rekk til knea. Eg syns det blei tøft til kjolen min ,akkurat passe diskre ,pyntar kanskje ikkje opp ,men det viktigaste av alt er at eg ikkje frys i den tynne strømpebuksa...
Me hadde folk her nyttårskvelden, eg og mannen sto for middagen (pinnekjøt) og så hadde to av gjestene med kaker og dessert. Det var kjekt og veldig god mat!

I dag har me hatt besøk av mi vennine og Henrik sin kamerat. Veldig kjekt å sjå folk igjen etter mange sløve innedagar :)Henrik er heilt fin form igjen i dag.Herlig når det går fort over!
 Alida sprang bort til naboen vår som ho har adoptert som ei ekstra bestemor. Det er visst veldig kjekt for dei begge to. No har eg satt på pinnakjøt :) (Me hadde ein pose frå nyttår liggande .) Fest på ein tirsdag!

Ha ein god dag!

mandag 17. januar 2011

Varm og god Tunika

Etter å ha strikka tunika til Alida i tynt alpakka garn fann eg ut at eg ville lage ein tjukkare variant også.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.

Denne har ho brukt mykje , perfekt til å tre over ullundertøy. Strikka den så pass lang at den rekk ned på låra ,så slepp ein slitsomme gliper på ryggen.
Eit "matchande" panneband for å bruke opp resten av garnet.


Her i heimen er det veldig stilt i dag. Far bygger hus, Alida er i barnehagen og minstemann er sjuk.
Herik orka nesten ikkje stå opp. Når han endelig sto opp i ni tida åt han tre skiver og drakk mykje.
 Så etter 2 tablettar ein del kos, spurte han om han kunne få legge seg igjen. Stakkars liten venn. 
Håpar han frisknar til etter kvilen.

Ha ein flott dag!

lørdag 15. januar 2011

Null stress Fleecedress



GODT NYTT ÅR :)
Eg er seint ute det veit eg , men så har kabelen til fotoaparatet vore borte sidan andre juledag.
Her er alt berre bra og eg har fortsatt strikkedilla :) Har fått jobb i gjestalgarn sine butikk lokaler i Oltedal.
Beynnar til våren og det gler eg meg til.Eg trur det passar meg ypparleg.
 Ellers er det husbygging på gong så de veit ,og no i nærmaste framtid må me ut å kjøpe eit kjøken :) Det blir nok IKEA.  Eg veit ikkje kva for eit endå , det står mellom tre.
I skrivande øyeblikk er det tidlig laurdag kveld ungane søv, og me skal visst ut dørene. Barnevakten bankar nok på snart .Blir herleg!
Ha ein god kveld!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails