fredag 22. oktober 2010

Strikkebukse og Henrik 2 år



Henriksen blei 2 år i går og me feira med barneselskap :)Familie selskapet får vente litt til .
Han er så glad i katten ,katten er ikkje så begeistra for Henrik men det bryr ikkje han seg om :) Bildet under viser når han endelig har fått kaka si .Ein blid og glad gogutt!



Gjevaste gaven ! Stoor Redningsbil frå Onkel Erlend, Onkel Gunnar og Tove:)


Og her kjem det bilder av det eg puslar med på kveldstid.
Etter at eg har fått ny symaskin har eg mista piffen på å sy.(er det ikkje typisk) Eller det er vel meir det at eg har blitt så glad i å strikke. Men eg reknar med det går over å at alt går tilbake til normalen snart ..hehe

Kvite vaskeklutar til badet og blå oppvask-klutar
Desse sparar eg til huset vår er ferdig.Og håpar å få meg eit stort lager til dess!


God og varm ullbukse til Alida i turkis som er unisex.
Denne skal få brune lommer eller brune lappar på kneet.


Min utsikt i går mens me venta på alle dei små gjestene våre.
Eg kunne ikkje tru det. Me er vel ikkje vant til at det snør i oktober !
Det ligg i dag og ,eg og ungane har vore ute med kjelken!
Og no er ungane ute med sitt store søskenbarn Malin:)

*Med dette ønsker eg alle ei GOD HELG*
Marie

lørdag 16. oktober 2010

Nye symaskin

Kjøpte meg ny symaskin på mandag :)
Her er den og eg er veldig fornøyd!  Me to har ikkje fått så mykje tid å bli kjend enno men eg har fiksa nokre sømmar på gamle plagg. Eg kjenner at me skal bli gode venner !


No når det begynnar å bli kaldt ute har eg blitt bitt av ein anna basill enn søm.Det er jo rim og frost på bakken ute når me vaknar  og behovet for meir ullkler har meldt seg.
        Eg har fått strikke dilla , det går ikkje så fort men det er kjekt! Akkurat no held eg på med ei strikkebukse til Alida. Eg har eit mål om at den skal bli ferdig til b.hage på mandag :)


Dette er hjelmhua eg holdt på med i mens eg venta på å kjøpe symaskinen
Den er no tova for andre gong og passar fint til Henrik,
men det er umogleg å få tatt bilder av han med den.


                                            Barselgave : Enkel vest frå pickles :) Veldig kjekk å strikke !
                                                Denne skal eg definitivt lage til Alida også.
 .


                                               No skal me snart i bursdagsselskap til Oldemor Gilje.
                                                      Det blir kjekt !
                                   
                                                     Ha ein fin dag vidare!

lørdag 9. oktober 2010

Hallo hallo

Eg strikkar for tida ...for eg har ikkje symaskin (som eg kan stole på vertfall) Så eg reiser ut på mandag for eg MÅ ha ein skikkelige...har kraftige abstinensar no må eg sei...
Mannen er på Siri (plattform utforbi Danmark) og eg kjedar meg mildt sagt. Berre på kveldane då ,altså ,for eg har nok å gjere på dagen med krabaten på snart 2 år og jentå mi på 4 som leve på ei rosa sky :)
 Det er fint å strikke men eg kjenner at eg må variere litt mellom symaskin,heklenål og strikkepinnar .
Har strikka ein kjempe søt  vest og ei kjempe stor hjelmhue. Hjelmen vart ein miss og eg vrei meg i går kveld når den var ferdig (dåkke skal få sjå bilder snart eg lover)


Den blei tova i maskin og vart med ett litt betre men alikevel ein miss.. Så eg må ha symaskin for å få sjølvtilliten til å stige litt igjen:)

Om nokon vil dele sine symaskin kjøp og erfaringar med meg blir eg sveert takknemlig!?



Eg og Gaute i eit av dei 4 bryllupa i 2010 :)
Sjå kor fint me har det når det er sommar her :)

Med dette seier eg go kveld!

fredag 1. oktober 2010

Bukser i lange baner



Eller iallefall 3 :D Eg laga to joggebukser av ein joggegenser som aldri blei brukt!
 Eg fekk ei str 2 og ei str4 år :) Det va kje dumt! Kjempe mjuke og gode. Og endelig er strikkeprossjektet mitt ferdig og eg har fått brukt mykje restegarn. Så sydde eg på ribb øverst det var lurt for då slapp eg å strikke meir. Størrelsen er ca 3 år :)

I kveld skal me på Melissa Horn konsert i stavanger :D Det blir goood! Og imårå skal me t Mamma og  Pappa : )Og ho har lova meg å laga pizza på lørdagkvelden. Så eg gleder meg veldig!!Ingen ting er bedre enn pizzaen hennas. Søndag skal me til Huglo (der min far er i frå )  der Tante og Onkel skal ha Fårikålen klar :D Det blir rett og slett ei suuper helg!

Ha ei god helg ALLE saman! :D

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails