Viser innlegg med etiketten Puter og diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Puter og diverse. Vis alle innlegg

tirsdag 15. november 2011

Stor sittepute

Eg laga eit trekk til denne store Ikeaputa i går.
Den er god å ha å sitte på foran Tven i stova.
Eller på gutterommet. Den er sydd av restar som låg igjen,
då eg sydde opp gardiner til Henrik sitt rom.

syns det "gjorde seg" med litt pompongar på :)


Bilde av hylla som far min har laga til meg
           Endeleg har eg plass til den !

  No skal eg måle og klippe og stryke til nokre         " rullopp" gardiner.
Det har eg aldri gjort før så det går sikkert kjempe bra! :S
                                        
                                                                             Ha ein deilig dag!
                                         
                                         

tirsdag 13. september 2011

Lappeteppe til dukkevogga


Eg sydde saman nokre lappar eg klipte ut for år og dag siden og eg ser eg kunne vert meir nøyen med det arbeidet. Alt i alt veldig fornøyd med resultatet sett i forhold til innsatsen og tida eg brukte.
Tolmodighet er ikkje mi sterke side. Men det hadde vore kjekt å gått på et quilte-kurs:)
Eg kunne nemlig tenkt meg eit stort pledd som dette i sofakroken. I litt rolegare fargar kanskje..hehe..
Vogga fekk eg til jul då eg var 1 år , men den har fortsatt sjarmen i behald.

Ha ein fin haustdag!
Ps. Kjolane i innlegget under er tilsalgs forresten
250 for begge to...

tirsdag 5. april 2011

Stoor pute

Eg har lenge hatt plana om å lage ei slik sittepute/golvpute og eg har sett slike hos Mekkotehdas .
No har eg jo ikkje fått til akkurat lik  men eg er ganske fornøyd alikevel.


Den er ulik over og under


                                 Puta blei godt mottatt av ho som nok kjem til å bruke denmest                                    
                                    Alida er med for å demonstrere kor stor og god den er :D
                                 eg sydde i ein praktisk glidelås i sida, for eg trur puta treng å
                                     vaskast jevnligt i og med at den skal bu på golvet vårt
                                  

                          I dag har me vore å kjøpt kjøkken på Ikea , den kjem om to veker (sa dama)
                          Ikkje så lenge igjen til me flytter no ,men alikevel føles det veldig lenge.
                          Mannen bur der nesten allerede,kjem heim for å ete å sove .

                     Ha ein forttreffelig aften!

fredag 11. mars 2011

Reste og fikseprosjekt

    Pyntepute til jenterommet laga av tøyrestar.
Denne genseren er fikseprosjektet.
Det var ein body eg sydde for ei tid sidan.
Godt likt og mykje brukt.
 Tenkte å forlenge levetida ved å klippe og sy om til genser.
Den skal få brun ribb på armane også.


No har eg tatt helgevasken her  i gamlehuset
Jenterommet i nyehuset er straks ferdig mala.
Mannen er der oppe å legg takstein på porchen.
Ferdig med babyteppet i rosa og lilla,må berre få sendt det i posten.
Begynt på eit nytt strikke prosjekt
har også ein ullsokk liggande som treng ein bror.
Vår lillebror tar seg ein dupp
 Alidamor trener seg til å bli sirkusartist oppe på rommet.
(høyrer ut som ho trenar opp elefantar)
Trivselen er på topp her


God Helg!

fredag 5. mars 2010

Litt strikk som blir til undervegs


Har strikka på desse selbuvottane ei stund føle eg. Men eg har nok ikkje hatt dei i hendene så lenge som eg føler .No fekk eg ikkje til tommelen så eg har levert dei fra meg til svigermor. Det gjer ingenting om eg ikkje ser dei på ei stund for å sei det sånn. Eg blei litt lei av dei..Til neste haust er dei nok greie å ha!
Dei er lys og mørk lilla.

Av og til blir eg ganske irritert på på dataen når eit bilde nektar å legge seg den vegen eg vil!
Desse har blitt til av restegarn og pga av at eg vill ha eit arbeid der eg slapp å tenke.Eg er ikkje ein resar på strikk så det er godt eg øver meg .

mandag 25. januar 2010

Litt fleire ting eg har laga

Syltetøy glass med Tilda stoff lyser fint med telys om kvelden
Puter i Tilda stoff med blonder



Kjole i rosa velour ,mønsteret er kjøpt på stoff og stil :)

Lita toalett veske , denne også i tilda stoff  (Eg e visst ein stor fan av Tilda)

Julepresang til to nieser på 3 år...
Laga to like sett med kjole og machende kåpe og sokker :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails