lørdag 17. april 2010

Finkjolen på og Hello Kittys "søskenbarn"

                                                                         Prinsesså mi!
Og 30 cm høg Hello Kitty(wannabe)

fredag 16. april 2010

Søt rosa kjole


Denne har eg laga med utganspunkt i ei gammal bok som
 heiter  "Sy klede til baby og småbarn"  eg  lånte på biblioteket.
Stoff fra stoff og stil :) Eg syns den var så søt med så høgt liv! 
 Så eg er veldig spent på om den passar til Alida. Eg trur ikkje alt stemmer sidan det var så fort gjort og enkelt. De får sjå bilder i morgon om det blir fint. Inntil videre får den henge der og pynte opp stova vår!
No skal eg lese ei bok og drikke kakao : D



torsdag 15. april 2010

Selebukse og kosebukse

Denne buksa er laga av Lille Martine stoff fra stoff og stil.
Veldig fornødd med denne :) Lett og mjuk sommerbukse.
Den neste buksa er ikkje så fersk, du kan sjå den på eit tidligare publisert bilde.
Men den fekk ribb på seg i dag og då blei eg fornødd med den og :)
 Brun Velour og TurkisRibb fra stoff og stil

No held eg på å strikke ein Lazy daisy  babyjakke :) Gå inn på pickles å sjå oppskrifta om du har tid!
Den sida er heilt fantastisk kjekk syns eg!
Ha ein fin kveld!

torsdag 8. april 2010

Lilla Velour til Alida


Lilla velour fra stoff og stil  det raude stoffet er rester frå julekjolen..Den har eg visst ikkje blogga om..Hm..
Brukte et mønster til raglandgenser og la på lengde..Hetta berre dikta eg , men den kunne nok hatt nokre justeringar. På desse bildene har eg visst ikkje sydd opp nedre kant men det er altså gjort no.
Jenta blei fornødd og kjolen er brukt i barnehagen ;) Veldig stas med bokstavar fortida.
Ha ein fin dag!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails