tirsdag 9. februar 2010

Fleece settet er komplett

Angrer på strykemerke på buksa no, det blei så feil saman med sjiraffen på genseren.
Nokon som har tips koss eg kan få det av utan å ødelegge stoffet?
Ellers fornøgd, skal slå i knappar i halslukkinga når minsten har våkna ;)
Fargen er rett på det første bildet .Stoffet har eg kjøpt på Kreaktiv på Kvadrat og ribben er frå s&s.
Hello Kitty merket er frå H&M , der er dei veldig billige i forhold til andre butikkar eg har sjekka.
Mønsteret er frå eit "alt om håndarbeidet" blad eg har liggande.
No gler eg meg til å gi det vekk :D

søndag 7. februar 2010

Liten sele/ forkle kjole :)


Tildastoff ,fòr og trykkknapper ..Mønsteret er fra ein dukkekjole og eg har "blåst opp"
mønsteret Så eg er veldig spent på om det passar og kva tid.
Får sjå om Ella kan ha denne og.
Ha ein fin Søndagkveld vidare!

lørdag 6. februar 2010

Barselgåve :)

På byggefeltet der me skal begynne å bygge hus til våren ,fekk me ein liten ny nabo.
Eg laga denne fleece buksa i går og planen er å lage ein genser og kanskje ein liten kjole når eg får tid.
Har laga buksa slik at jenta truleg kan ha den til hausten . Håper ho fell i smak !

Eg legg ved eit bilde av to søte jenter som gleder seg til karneval på mandag :)

mandag 1. februar 2010

Sist ut i kveld ...
Velour skjørt med ribb og applikert krone nederst til høyre.
Har tegna mønster av eit skjørt fra Lindex.                                                         
Krona skulle ha vert på midten, syns Alida så ho vrir skjørtet
slik at sømmen kommer midt fram. sukk... uansett et veldig dårlig bilde...
Barbiekjole


Sparkebukse til "spaniadåkkå"

                                                 
                                                  
Har laga litt til guten min og ...
Her er Henrik i ein fleecegenser eg sydde for lenge sidan
Eg måtte jukse det til i halsen , med knappar og greier :(
men han fekk vel brukt den litt for det..
Velour med ribb og applikert giraff
Denne likte eg veldig godt på han, men eg skulle ha
 laga den litt større ser eg. Og så ville eg helst hatt turkis ribb
men det hadde eg ikkje kjøpt inn. Det blir det neste.
Laga med Burda mønster.
Og så ei lita hue. Denne må eg nok lage fleire gonger for å bli fornøgd.
Ser at denne kanskje manglar ein giraff??
    Den er laga av samme velouren som buksa og mønsteret  fekk eg frå denne bloggen: 
gekko-attsyengecko.blogspot.com.
Fantastisk at folk legg ut slike oppskrifter på bloggen sin!
                                     Fleecebukse til ei jente på snart fire som eg er tante til :)
Også foten min :P

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails