torsdag 13. mai 2010

Redesign :)


Enkel selekjole laga av ein gammal dongerikjole. Laga nytt liv og selar så vips kan den brukast igjen :)
Ser for meg at ho skal ha ein kvit bluse under .Så då må eg vel til å lage den og ,hehe..
og ja, knappane har eg trekt sjøl ;) med samme stoff som i livet :)
Bildene under er av andre ting eg har laga. Kjolen har du kanskje sett før i tidligare innlegg.Eg er skuffa over at rosa fargen blir så blass på bildene.

Noko som ikkje er blasst er denne huå her:

Ha ein fin Kristihimmelfarsdag!

tirsdag 11. mai 2010

Eg har laga ein body for første gong!

Det er sikkert ikkje vanskelig å sjå at det er den første bodyen eg har sydd
Eg hadde ikkje mønster men måtte teikne av ein gammal body etter Henriksen..
Men så vil eg ikkje påpeike fleire feil for eg er ganske stolt for at eg klarte det!
Eg har jo berre ein heilt vanleg og billig symaskin.
Stoffet er frå mjukatyger.se

mandag 10. mai 2010

Rosa velour kjole med blonde kanter

Her er kjolen, en redesign frå ein kjole eg laga for lenge sidan.
Den gamle kjolen var i ein litt for posete modell for Alida så den ville ho aldri ha på seg.
Eg klippa den om og no er det ein kjole til ca to åring eller tunika til Alida. Eg får sjå når ho har prøvd den.

Dette er framme i halsen , der pynta eg med tre kvite silkeroser


Og dette er bak i nakken. Det er blonder rundt heile halsopningen.

Ha ein fin dag vidare! :D

torsdag 6. mai 2010

Her ser du gaven Alida fekk til 4årsdagen frå Onkel Erlend!
Han er så flink og snill som har laga dette til henne!
Det er ganske stort og ho når såvidt opp til den øverste hylla når ho strekk seg :)
Tenker at det kan stå på barnerommet lenge. Ein kan fylle det med bøker om ikkje anna.
Kjempe stas! No må me berre ha litt møbler.
 Nokon som vei kor ein kan få kjøpt møbler av eit passande format?
Faren hennar kunne nok ha laga møbler men eg trur ikkje tida hans strekk til
(ennå vertfall.)Og det hastar litt for det ser jo veldig tomt ut no:)
Me prøvde med playmobil men det berre forsvinn inne i dei store romma.
No skal eg sette meg med symaskinen å gjere ferdig ei haremsbukse eg laga til meg sjølv (av alle ting)
Ha ein fine kveld!

tirsdag 4. mai 2010

Vårligskjørt til Alida


Øverst ser du skjørtet med nærbildet av tøyet som er i frå Tilda :)
Enkelt og greit skjørt , målte Alida rundt livet og laga til
ribben så målte eg opp eit stykke tøy som var 3 ganger så langt som ribben ca.
Det strutter litt akkurat som prinsesså ville ha det ;)
Nederst ser du Gullungane mine ( for det meste er dei jo det ).Her er dei avbilda hos fotografen Gøril  på Helgøy :)
Ha ein fin kveld
Eg må tilbake til mine lilla kjoler :)

mandag 3. mai 2010

Lazy Daisy Babyjakke

Her er babyjakken eg nevnte i eit tidligare innlegg. Han har logge sånn som dette ei stund
(eller nedi veska...) Klar for kanppestolpe,knappar og festing. Håper vesle jenta som kjem til sommaren
får brukt denne masse( til hausten?). Veldig kjekk å strikke når eg fant ut korleis daisyane skulle lagast.
No har eg klippa ut to A kjolar i lilla til to tante jenter og gleder meg til å sy dei i kveld!

lørdag 1. mai 2010

Vaffelkjole

Lille Martine frå stoff og stil. Stoffet er gult og nydelig! Lite farger på dette bildet.
Mønster eget med stor inspisrasjon frå Rosaell som du finn her!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails