fredag 11. juni 2010

Nokon har bestilt hos meg!

Denne er til ein liten gut på ca 18mnd.
Skal ha trykk knappar i halsen.
Og etter desse bildene blei tatt har eg altså sydd opp den nederste sømmen på genseren.
 Eg syns den blei fin! Håper den fell i smak hos bestillaren :)

onsdag 9. juni 2010

Shorts -redesign

I dag mens Henrik fekk sin velfortjente kvil laga eg denne shortsen til han. Den er laga av ei gammal bukse som eg hadde liggande. På det nederste bilde har eg ikkje strikk i beina.Eg fann ut ad det blei finast med så det har eg gjort i kveld. God og mjuk bukse men samtidig kraftig stoff som tåler mykje lek :)
Klippa av ei lomme på buksa og sydde den på shortsen. Ganske fornøyd , men hadde eg ikkje vore sånn i farten for å få den ferdig så hadde eg applikert noko på den trur eg.


Me hadde piknik i hagen i dag med vannmelon og moreller :)
Alida som syns me absolutt burde og det syns eg og Henrik var ein veldig god ide.
Katten vår, Fofi Matira, syns me hadde litt løyen oppførsel og følte det var på sin plass å følge med.

mandag 7. juni 2010

Sommerkjole og nytt tøy i posten

Her er mi store solstråle på lekeplassen .Gult er kult.
lille martine frå stoff og stil og eit hav av strikk
Kanon søt syns nå eg ;)


Det blei jippimandag her i dag når postdamå kom. Så kjekt å få tøy!
No skal eg kosa meg ! Fargane forsvant litt på bildet .. Det øverste er lilla med kvite blomar
Og det nest nederste på samme bildet er babyrosa velour.

søndag 6. juni 2010

Solhatt

Søte lille gutten med sine søte lille hatt ,han har så lyst hår at han hadde 
fort blitt solbrent visst ikkje han hadde hatt noko på hovudet .
Denne har eg laga i eit stoff som er blanding av lin og bomull, kjøpt på IKEA.
Oppskrifta er frå Sikk Sakk boka. Eg lagar desse på bestilling visst nokon ynskjer seg :)
Strls 2-3 år. Pris 125 kr

lørdag 5. juni 2010

forkle kjole 2

pris 250 kr
Denne er laga i veldig god og mjuk bomull  men den har lin struktur og farge.
Den er kjempe søt, spesielt fordi selane går i kryss på ryggen
Veldig dumt at eg ikkje har ein modell å vise den fram på for den er definitivt finare på. Eg skal prøve å lage eit større mønster så eg kan lage til mi jente også. No ventar eg på tøy i posten så eg får litt sprekare kjolar med forskjellige sider. Eg skal og lage jumpsuit i nærmaste framtid. Det gledar eg meg til å prøve!


torsdag 3. juni 2010

Turkis heildress

Denne er til Henrik , han kan ha den no visst eg bretter opp på beina ;) berre søtt visst den er litt stor syns eg. Denne modellen min heiter Eva og er veninna til Alida. Ho er snart 4 år. Så han kan nok ha den lenge.
Eva var litt meir villig til å ha fotoshoot enn Henrik. Denne har eg dikta mønster på sjølv etter mykje om og men. Glidelås i ryggen. Velouren er frå stoff og stil og stjernene er frå cethodesigns. Eit utrulig samantreff at dei passa så godt i lag!

Kjole til salgs !


Denne forklè kjolen er til salgs  den er i strls 1-3 år,men eg lagar den i andre fargar og størrelse 0-2 år .
Den kan brukast på begge sider men akkurat denne kjolen er lik på begge sider. Den er kanonsøt på!
Og mjuk og god! Eg har prøvd den på Henrik men eg legg ikkje ut bilder av guten min i kjole ..Hehe..stakkars liten...Ja, , og mønsteret er frå boka sikk sakk :D
Er du interessert kontakt meg på marie_taranger@hotmail.com



Ha ein fin kveld!


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails