Og 30 cm høg Hello Kitty(wannabe)
lørdag 17. april 2010
fredag 16. april 2010
Søt rosa kjole
Denne har eg laga med utganspunkt i ei gammal bok som
heiter "Sy klede til baby og småbarn" eg lånte på biblioteket.
Stoff fra stoff og stil :) Eg syns den var så søt med så høgt liv!
Så eg er veldig spent på om den passar til Alida. Eg trur ikkje alt stemmer sidan det var så fort gjort og enkelt. De får sjå bilder i morgon om det blir fint. Inntil videre får den henge der og pynte opp stova vår!
No skal eg lese ei bok og drikke kakao : D
torsdag 15. april 2010
Selebukse og kosebukse
Denne buksa er laga av Lille Martine stoff fra stoff og stil.
Veldig fornødd med denne :) Lett og mjuk sommerbukse.
Den neste buksa er ikkje så fersk, du kan sjå den på eit tidligare publisert bilde.
Men den fekk ribb på seg i dag og då blei eg fornødd med den og :)
Brun Velour og TurkisRibb fra stoff og stil
No held eg på å strikke ein Lazy daisy babyjakke :) Gå inn på pickles å sjå oppskrifta om du har tid!
Den sida er heilt fantastisk kjekk syns eg!
Ha ein fin kveld!
torsdag 8. april 2010
Lilla Velour til Alida
Lilla velour fra stoff og stil det raude stoffet er rester frå julekjolen..Den har eg visst ikkje blogga om..Hm..
Brukte et mønster til raglandgenser og la på lengde..Hetta berre dikta eg , men den kunne nok hatt nokre justeringar. På desse bildene har eg visst ikkje sydd opp nedre kant men det er altså gjort no.
Jenta blei fornødd og kjolen er brukt i barnehagen ;) Veldig stas med bokstavar fortida.
Ha ein fin dag!
fredag 26. mars 2010
Velourgenser og livebilder
Han klatra opp på bordet for å sjå kva eg holdt på med.
Her peikar han på det han likte best ;) hehe
Henrik midt i ein av sine herlige dansar .
Buksa sydde eg samtidig med genseren men den er eg ikkje heilt fornødd med.
Det er ei snekkerbukse men eg trur eg klipper av "snekkeren" og syr på ribb heller.
De var då kor den brune ribben min er blitt av. Den va jo borte då eg skulle lage apegenseren og.
Gler meg til eit nytt hus med eit syrom så eg kan halde på i fred og ha litt plass til å halde orden!
No må eg rydde alt bort på forskjellige skap og hyller kvar kveld. Tar veldig tid å komme i gang når ting er spreidd rundt sånn...sånn då va det sagt ! Godt å få det ut.
onsdag 24. mars 2010
Apebody og kjekkasgenser
Eg laga først ein apegenser.
Så tenkte eg på at det er mykje meir praktisk å ha body .
Men eg hadde ikkje nok apestoff til det..
Så her klippa eg av ein gammal body (heilt utslitt stakkars)
Det blei ikkje fint men så skal det jo væra nede i buksene.
Eg såg ein bloggar hadde gjort det same med ei finskjorte.
Var det deg Mittbo?
Stoffet er fra cetho og stoff og stil.
Håper at halsen blir litt finare på gutungen enn som den ligg her.
Så kjem kjekkasgenseren fra pickles.no
Veeldig kjekk å strikke og gjort på ein to tre :)
Men halsen blei ikkje der den skulle ,
det kan væra mange grunnar til det men eg skal lage
fleire og då begynner eg berre å felle til hals tidligare. Så ser me om det går bedre.
Eg skal også bruke tynnare pinnar på ribbestrikket nede og på armane.
Genseren passar på vesleguten og er strikka i tjukk Alpakka fra Viking
Tilslutt vil eg vise eit minne frå Toscana turen eg va på i helga.
Dagbok i lær :) Eg falt pladask. Eg skriv ikkje dagbok men eg trur eg
kan begynne no berre for å sitte med denne boka i hendene :)
Ha ein fin kveld videre!
fredag 12. mars 2010
Heklajakke
Denne laga eg før Henrik blei fødd.
Den var nok laga til storesøster, men så blei eg så lei av den at eg
ikkje gadd å bruke den når den var ferdig. Hadde hekling oppi halsen ei stund etter dette.
Laga av garnrestar eg hadde frå babyteppet eg hekla til Henrik. Hadde berre ein knapp til å ha i no
men det kjem seg når eg får handla litt ;) veldig glad i fargesamansetningen :) eg hadde ikkje mønster men eg såg etter ein gammal jakke (ca 35 år ) . Det er ganske enkelt å sjå etter plagg når det kjem til hekling.Under er ein jakke eg laga til Alida før jul. og beviset på at selbuvottane er ferdig og at eg har ei svigermor som er heilt super ;)GOD HELG!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)