Her er mitt siste ferdige strikkeprosekt. Skal sende det i julegave til et fadderbarn i Moldova :) kunne nok ha vore strikka på ennå større pinnar for å få et større og luftigare sjal. Så veit eg det til neste gong. Begynte i nakken og auka 4 masker på kvar 2. Pinne.
I dag skin sola og varmar godt her. Ha ein god dag!
Viser innlegg med etiketten strikk og hekl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikk og hekl. Vis alle innlegg
tirsdag 23. august 2011
tirsdag 8. mars 2011
Babyteppe
Held på med mange prosjekt på ein gong for tida og det likar eg ikkje. Sokkar , babyteppe og fleire fikse prosjekt ligg klare inne på sy rommet..Der ligg også to bakstykker til ei bukse..Eg får rett å slett gjort for lite.
Her er eit biprosjekt mellom alle dei andre.
.Ein tom boks (valnøtter) har fått nye kler. Passar til altslags smådill :D
Babyteppe på gong :) begynte på det for over eit år sidan. Tok det fram for ei veke si og rekte opp halve teppet ,begynte å hekle på det igjen i går kveld. No skal eg ikkje gi meg før eg har fått det ferdig og ut av huset!
Eg må gje gass og bli ferdig med alt eg har begynt på, berre slik at eg kan begynne på noko nytt ..
Grunnen til at det skjeldan blir skreve innlegg her er at eg ikkje blir ven med den nye datamaskinen min.
Skal inn på kontroll med den i mårå. Håpar det lar seg ordne fort og greit.
Ha ein fin kveld :)
Eg skal male soverom i nyehuset i kveld :)

mandag 7. februar 2011
Eg har fått ny energi
Eg og veninna mi Kristine har eit miniprosjekt der me heklar og strikkar som galne for å sende til Ukraina.
Det monnar ikkje mykje med dei få plagga me får til, men tanken teller den og ?For kvar hue me lagar er det ein mindre som frys på øyrene! Over er det bilde av tre av huene så långt. Treng litt meir trening i å strikke mønster ser du..Bil hua skal eg tove tenkte eg , for den er kjempe stor!. Bilen er teikna av svigerinna mi. :)
Har du mykje restegarn ?
Ha ein fin dag vidare

fredag 4. februar 2011
TETA prosjektet, garn for ein god sak!
I dag har eg handla i denne ferske nettbutikken, den heiter TETA
Tetaprosjektgruppen består for øyeblikket av fem kvinner :
Emma
Etablert med familie. Mann i arbeid og tre barn i skolealder. Administrator, men deltar i produksjonen når det er mye å gjøre.
Susan
Enslig bestemor, spinner og karder.
Lucy
Enslig bestemor, spinner og karder.
Caro
Enslig ung mor med datter på to år, vasker, farger og pakker.
Marianna
Enslig voksen dame, vasker, farger og pakker.
Prosjektet eies og har juridiske registreringer via den lutherske kirkens opplæringssenter i Kapenguria i Nord-vest Kenya og gruppen benyttes i distriktets opplæringsarbeid når bispedømmets kvinner er inne på kurs. Forøvrig arbeider de på kontraktbasis og er sterkt avhengig av å få solgt produktene sine.
Eg har lånt bildene på nettsida deira. Dette prosjektet engasjerer meg av mange grunnar.
Det er kjekt å strikke og samtidig spennande med ein ny type garn. Men denne gongen er det viktig for meg å reklamere. Eg har nemleg budd 2 år i Kapenguria i Kenya ,saman med foreldra mine som arbeidde der som misjonærar. Ein flott plass høgt over havet, varmt,godt og frodig .
Mange i dette område er fattige så det er så flott at nokon hjelper dei i gong med eit slikt prosjekt ,slik at disse damene kan få eit godt arbeid og dei kan kjøpe seg mat! Me kjenner mange som bur der og dei har vel ikkje alltid til salt i grauten som me seier.
Håpar at du vil klikke deg inn i butikken å ta ein kikk. Dei har ikkje det store utvalget ennå men det kjem seg vel etterkvart :)
Ha ei god helg!
torsdag 3. februar 2011
Nokre bilder som gjer meg glad
Hei!
I det siste har eg strikka og strikka og rekt (rokke ?) opp mange mange gonger.
Eg hadde så lyst å strikke kosekurvjakken til pickles men det blir ikkje fint. No har eg gitt opp det mønsteret og prøver å lage noko anna av garnet. Me får sjå om det prosjektet får plass på bloggen om ei stund.
Eg blir ganske nedfor når eg ikkje får til det eg vil!!
Men disse bildene under viser nokre lyspunkt i kvardagen min
Nøster som eg syns va så nydelige saman. Skal strikke vottar av dei tenkte eg.
Eg ser at fargane ikkje kjem så godt fram som eg hadde tenkt, slik er det når eg tek bilder etter mørkets frambrudd
Dynetrekk frå eit oldemorhus, trekket fekk eg av svigermor i dag! Blei såå glad!
Kva skal det bli av dette? Forslag? Kansje eg berre skal ha det til dynetrekk.
Det er fint,heilt og veldig mjukt!
Og så bilde av dei "cookiesane" eg laga i dag. Ungane blir så glad når eg bakar
(for ikkje å snakke om Gaute)
og då blir eg og glad ,enkelt og greit ;)
fredag 28. januar 2011
Vest for kalde dagar
Her er den nye vesten min
Blei ferdig med den i går kveld. Strikka etter inspirasjon frå pickels og med viking eco-alpakka garn strikka på pinne nr 6.
Veldig kjekt prosjekt ,men eg skulle ønska eg hadde mulighet til å prøve den på før eg var ferdig med den. Skulle laga den lenger og vidare, men sånn blei det no denne gongen. Veldig mjuk og god vest i det minste
Eg og ungane har vore i Sandnes og på Ålgård og handla litt på salg. Det var ein fin tur tatt i betraktning at eg hadde med to små :) no er me trøtte alle saman og eg skal berre sitte i ro i stolen min heile kvelden. Det gler eg meg til!
Ha ei fin helg alle saman!

tirsdag 18. januar 2011
Nyttårs sokkane
Desse blei klare til nyttårsfesten og var veldig gode å ha på. Dei ser veldig lause ut men dei passar akkurat.
Eg brukte silja garn og oppskrift frå gjestal (litt modifisert) . Dei rekk langt opp på låra men eg bretter vrangborda ned slik at dei rekk til knea. Eg syns det blei tøft til kjolen min ,akkurat passe diskre ,pyntar kanskje ikkje opp ,men det viktigaste av alt er at eg ikkje frys i den tynne strømpebuksa...
Me hadde folk her nyttårskvelden, eg og mannen sto for middagen (pinnekjøt) og så hadde to av gjestene med kaker og dessert. Det var kjekt og veldig god mat!
I dag har me hatt besøk av mi vennine og Henrik sin kamerat. Veldig kjekt å sjå folk igjen etter mange sløve innedagar :)Henrik er heilt fin form igjen i dag.Herlig når det går fort over!
Alida sprang bort til naboen vår som ho har adoptert som ei ekstra bestemor. Det er visst veldig kjekt for dei begge to. No har eg satt på pinnakjøt :) (Me hadde ein pose frå nyttår liggande .) Fest på ein tirsdag!
Ha ein god dag!
mandag 17. januar 2011
Varm og god Tunika
Etter å ha strikka tunika til Alida i tynt alpakka garn fann eg ut at eg ville lage ein tjukkare variant også.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.
Denne har ho brukt mykje , perfekt til å tre over ullundertøy. Strikka den så pass lang at den rekk ned på låra ,så slepp ein slitsomme gliper på ryggen.
Eit "matchande" panneband for å bruke opp resten av garnet.
Her i heimen er det veldig stilt i dag. Far bygger hus, Alida er i barnehagen og minstemann er sjuk.
Herik orka nesten ikkje stå opp. Når han endelig sto opp i ni tida åt han tre skiver og drakk mykje.
Så etter 2 tablettar ein del kos, spurte han om han kunne få legge seg igjen. Stakkars liten venn.
Håpar han frisknar til etter kvilen.
Ha ein flott dag!
søndag 7. november 2010
Oppdatering
Heihei!!
Lenge sidan eg har fått mekt meg t å laga eit innlegg. Men me har vore på Bømlo hos Bestemor og Bestefar
Lenge sidan eg har fått mekt meg t å laga eit innlegg. Men me har vore på Bømlo hos Bestemor og Bestefar
her har me leika med store søskenbarn!
Og lest kjekke bøker med Bestefar
Og baka boller med Bestemor (det gløymde eg å ta bilete av)
Og leka endå meir med søskenbarn :)
Eg har hekla eit restesjal
Og begynt å strikke på ein body eg fant i boka Myk start. Modellen er ein omslagsbody.
Den blir så god å mjuk. Kan bli ei fin barselgåve.
Garnet er frå Pickles
Etter at me kom heim frå Bømlo har me flytta soveromsavdelingen opp i andre etasje.
Der er det ein leilghet som me no har overtatt så no leiger me to. I første etasje har me to stover (bestestove og spisestove), kjøken ,vaskerom/gjestetoalett (dårleg kombo) og sist men ikkje minst eit SYROM og dermed eit nytt liv!
hehe..Det blir goe greier , er ganske sliten for mannen som no har fire veker fri, er med arbeidskarane å reiser huset vårt ! Ganske greit at eg har fått rydda i papirer og sortert alt me har ein gong før me skal flytte opp i nytt hus ein gong til sommaren :D Gleder oss veldig til det!
Herlig med søndags fri etter ei travel veke
Ha ein god dag du og!
fredag 22. oktober 2010
Strikkebukse og Henrik 2 år
Henriksen blei 2 år i går og me feira med barneselskap :)Familie selskapet får vente litt til .
Han er så glad i katten ,katten er ikkje så begeistra for Henrik men det bryr ikkje han seg om :) Bildet under viser når han endelig har fått kaka si .Ein blid og glad gogutt!
Gjevaste gaven ! Stoor Redningsbil frå Onkel Erlend, Onkel Gunnar og Tove:)
Og her kjem det bilder av det eg puslar med på kveldstid.
Etter at eg har fått ny symaskin har eg mista piffen på å sy.(er det ikkje typisk) Eller det er vel meir det at eg har blitt så glad i å strikke. Men eg reknar med det går over å at alt går tilbake til normalen snart ..hehe
Kvite vaskeklutar til badet og blå oppvask-klutar
Desse sparar eg til huset vår er ferdig.Og håpar å få meg eit stort lager til dess!
God og varm ullbukse til Alida i turkis som er unisex.
Denne skal få brune lommer eller brune lappar på kneet.
Min utsikt i går mens me venta på alle dei små gjestene våre.
Eg kunne ikkje tru det. Me er vel ikkje vant til at det snør i oktober !
Det ligg i dag og ,eg og ungane har vore ute med kjelken!
Og no er ungane ute med sitt store søskenbarn Malin:)
*Med dette ønsker eg alle ei GOD HELG*
Marie
fredag 1. oktober 2010
Bukser i lange baner
Eller iallefall 3 :D Eg laga to joggebukser av ein joggegenser som aldri blei brukt!
Eg fekk ei str 2 og ei str4 år :) Det va kje dumt! Kjempe mjuke og gode. Og endelig er strikkeprossjektet mitt ferdig og eg har fått brukt mykje restegarn. Så sydde eg på ribb øverst det var lurt for då slapp eg å strikke meir. Størrelsen er ca 3 år :)
I kveld skal me på Melissa Horn konsert i stavanger :D Det blir goood! Og imårå skal me t Mamma og Pappa : )Og ho har lova meg å laga pizza på lørdagkvelden. Så eg gleder meg veldig!!Ingen ting er bedre enn pizzaen hennas. Søndag skal me til Huglo (der min far er i frå ) der Tante og Onkel skal ha Fårikålen klar :D Det blir rett og slett ei suuper helg!
Ha ei god helg ALLE saman! :D
Abonner på:
Innlegg (Atom)