tirsdag 18. januar 2011

Nyttårs sokkane


Desse blei klare til nyttårsfesten og var veldig gode å ha på. Dei ser veldig lause ut men dei passar akkurat.
Eg brukte silja garn og oppskrift frå gjestal (litt modifisert) . Dei rekk langt opp på låra men eg bretter vrangborda ned slik at dei rekk til knea. Eg syns det blei tøft til kjolen min ,akkurat passe diskre ,pyntar kanskje ikkje opp ,men det viktigaste av alt er at eg ikkje frys i den tynne strømpebuksa...
Me hadde folk her nyttårskvelden, eg og mannen sto for middagen (pinnekjøt) og så hadde to av gjestene med kaker og dessert. Det var kjekt og veldig god mat!

I dag har me hatt besøk av mi vennine og Henrik sin kamerat. Veldig kjekt å sjå folk igjen etter mange sløve innedagar :)Henrik er heilt fin form igjen i dag.Herlig når det går fort over!
 Alida sprang bort til naboen vår som ho har adoptert som ei ekstra bestemor. Det er visst veldig kjekt for dei begge to. No har eg satt på pinnakjøt :) (Me hadde ein pose frå nyttår liggande .) Fest på ein tirsdag!

Ha ein god dag!

mandag 17. januar 2011

Varm og god Tunika

Etter å ha strikka tunika til Alida i tynt alpakka garn fann eg ut at eg ville lage ein tjukkare variant også.
Berre fordi den modellen var så kjekk å strikke og med større pinnar gjekk det jo rasande fort.

Denne har ho brukt mykje , perfekt til å tre over ullundertøy. Strikka den så pass lang at den rekk ned på låra ,så slepp ein slitsomme gliper på ryggen.
Eit "matchande" panneband for å bruke opp resten av garnet.


Her i heimen er det veldig stilt i dag. Far bygger hus, Alida er i barnehagen og minstemann er sjuk.
Herik orka nesten ikkje stå opp. Når han endelig sto opp i ni tida åt han tre skiver og drakk mykje.
 Så etter 2 tablettar ein del kos, spurte han om han kunne få legge seg igjen. Stakkars liten venn. 
Håpar han frisknar til etter kvilen.

Ha ein flott dag!

lørdag 15. januar 2011

Null stress Fleecedress



GODT NYTT ÅR :)
Eg er seint ute det veit eg , men så har kabelen til fotoaparatet vore borte sidan andre juledag.
Her er alt berre bra og eg har fortsatt strikkedilla :) Har fått jobb i gjestalgarn sine butikk lokaler i Oltedal.
Beynnar til våren og det gler eg meg til.Eg trur det passar meg ypparleg.
 Ellers er det husbygging på gong så de veit ,og no i nærmaste framtid må me ut å kjøpe eit kjøken :) Det blir nok IKEA.  Eg veit ikkje kva for eit endå , det står mellom tre.
I skrivande øyeblikk er det tidlig laurdag kveld ungane søv, og me skal visst ut dørene. Barnevakten bankar nok på snart .Blir herleg!
Ha ein god kveld!

mandag 20. desember 2010

Ein skikkelig god ide!

Eg har laga islykt av ein vannballong !
Det er så kaldt ute, så i dag tidleg la eg ut ballongar med vatn.
No i ettermiddag var dei klare. Håpar at kulden held slik
at me kan ha trappa fulle av desse lyktene på nyttårsafta :)
Dei blir nok blankare visst eg passar på å ikkje få snø på dei
det frys nemlig fast med ein gong.




Dei tre bildene over er frå stova til Mamma og Pappa
Eg syns det er så koselig der!

denne strikka Mamma til Henrik så han kan ha den over ei kvit skjorte på julaftan.
Eg hadde med meg garn og oppskrift og ho gjorde den ferdig på to kveldar :)
Takk!

I og med at eg ikkje syr så masse så det går seint med bloggen har eg lyst å skrive kva som er på strikke pinnane akkurat no , og det er nokre gode , varme sokkar som går opp til knea . Dei er til meg og passar til det meste eg har på meg for tida;)
Ha ei god jul alle saman!

onsdag 1. desember 2010

Tunika med daisyer

Desember er ein herleg måned syns eg, me har baka litt julekaker og tenner masse lys. Fyr i ovnen har me og, kvar våkne time i døgnet. Det er så koselig! Det er ikkje kun for kosen me fyrer , det er 10 minus ute og me MÅ og då tar det litt av sjarmen syns eg. Huset me bur i er gammalt (og mett av dager,neida) og det trekker inn alle plasser.
Så til saken ! Derfor syns eg det var veldig lurt å strikke ein tynn tunika til Alida i Alpakka garn :)
Her er resultatet




Oppskrifta heiter høstvest frå pickles og så har eg laga den litt
større og lengre så den blei ca strl 5 år.
Denne kan brukast til fint syns eg men den brukast mest til kvardags..

Visst nokon synes synd om oss  no som har kaldt hus så eg trøste med at det er siste vinteren i dette huset ;)
Husbygging er godt i gong !

onsdag 17. november 2010

Smått til Julemessa på Gilja Bedehus & Sånn har Henrik (2) det på soverommet

Eg har fått sydd 5 huer, 5 pannebånd , 4 siklesmekker og 2 vanlige smekker
og 2 ipod etui  som eg skal gi til julemessa her inne. Pengane av salget går til  NLM.


Syns dei KAM knappane er så kjekke :D



 Henrik har fått nytt rom og ny seng. Senga er pussa og sprøytemalt av Gaute. Det blei så fint resultat!!
Og sist men ikkje minst har eg sydd dyne trekk i mitt favorittstoff for tida. Resten av rommet er fult av store lastebilar og gravemaskinar så det ser ut som ein mini anleggsplass .Han gidder ikkje leke med nydelige treleker so picture it yourself ;)


                                                           Eg faldar mine hender små!

                                                             Ha ein fin onsdagskveld!

søndag 7. november 2010

Oppdatering

Heihei!!
Lenge sidan eg har fått mekt meg t å laga eit innlegg. Men me har vore på Bømlo hos Bestemor og Bestefar
her har me leika med store søskenbarn!


Og lest kjekke bøker med Bestefar
Og baka boller med Bestemor (det gløymde eg å ta bilete av)


Og leka endå meir med søskenbarn :)


Eg har hekla eit restesjal


Og begynt å strikke på ein body eg fant i boka Myk start. Modellen er ein omslagsbody.
Den blir så god å mjuk. Kan bli ei fin barselgåve.
Garnet er frå Pickles

Etter at me kom heim frå Bømlo har me flytta soveromsavdelingen  opp i andre etasje.
Der er det ein leilghet som me no har overtatt så no leiger me to. I første etasje har me  to stover (bestestove og spisestove), kjøken ,vaskerom/gjestetoalett (dårleg kombo)  og sist men ikkje minst eit SYROM og dermed eit nytt liv!
hehe..Det blir goe greier , er ganske sliten for mannen som no har fire veker fri, er med arbeidskarane å reiser huset vårt ! Ganske greit at eg har fått rydda i papirer og sortert alt me har ein gong før me skal flytte opp i nytt hus ein gong til sommaren  :D Gleder  oss veldig til det!

Herlig med søndags fri etter ei travel veke
Ha ein god dag du og!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails