Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

tirsdag 29. mars 2011

Bursdagsjentå mi

Tenk at ho er blitt 5år det er stor stas!
Her har ho på seg barnehagekrona
og den nye strikkevesten sin. Skulle vist meir av
den vesten men det var ikkje den som var viktigast
 når bildet blei tatt.Den  er frå pickles og strikka i eco-alpakka
Veldig mjuk og god!


                                      Her er kaka eg laga til det eine familieselskapet
                                      (me har så stor familie på begge sider at det er greiast å dele selskapet i to :)
                                      Sjokoladekake med marshmallowsfondant pynt .
                                      I dag har me hatt barneselskap og på søndag skal me ha familieselskap for
                                      fars side av familien ..Tenke tenke på kva kake eg skal lage då ?

                                   No tar eg kvelden og kjenner det skal bli godt..
                                    God natt

fredag 22. oktober 2010

Strikkebukse og Henrik 2 år



Henriksen blei 2 år i går og me feira med barneselskap :)Familie selskapet får vente litt til .
Han er så glad i katten ,katten er ikkje så begeistra for Henrik men det bryr ikkje han seg om :) Bildet under viser når han endelig har fått kaka si .Ein blid og glad gogutt!



Gjevaste gaven ! Stoor Redningsbil frå Onkel Erlend, Onkel Gunnar og Tove:)


Og her kjem det bilder av det eg puslar med på kveldstid.
Etter at eg har fått ny symaskin har eg mista piffen på å sy.(er det ikkje typisk) Eller det er vel meir det at eg har blitt så glad i å strikke. Men eg reknar med det går over å at alt går tilbake til normalen snart ..hehe

Kvite vaskeklutar til badet og blå oppvask-klutar
Desse sparar eg til huset vår er ferdig.Og håpar å få meg eit stort lager til dess!


God og varm ullbukse til Alida i turkis som er unisex.
Denne skal få brune lommer eller brune lappar på kneet.


Min utsikt i går mens me venta på alle dei små gjestene våre.
Eg kunne ikkje tru det. Me er vel ikkje vant til at det snør i oktober !
Det ligg i dag og ,eg og ungane har vore ute med kjelken!
Og no er ungane ute med sitt store søskenbarn Malin:)

*Med dette ønsker eg alle ei GOD HELG*
Marie

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails